Forskingsprogrammet KLINBEFORSK skal støtte gjennomføring av store, nasjonale forskningsprosjekt av stor betyding for fremtidig pasientbehandling. Prosjekta er tett knytte opp mot pasientbehandling og behova i spesialisthelsetenesta. Kvart av dei tildelte prosjekta mottek ei støtte på mellom 10 og 20 millionar kroner.
– Tildelinga har stor tematisk spreiing, og det er særleg gledeleg at det i denne runden også er gitt støtte til eit prosjekt innanfor psykisk helsevern, seier administrerande direktør Cathrine M. Lofthus i Helse Sør-Øst RHF.
Programmet er eigd av dei fire regionale helseføretaka og blir administrert og koordinert av Helse Sør-Øst RHF. Tildelingen blei beslutta i møte mellom dei administrerande direktørane den 20. november 2017 og finansieringa blei innvilga i tråd med innstillinga frå vurderingskomitéen. Prosjektmidlane er fordelte slik:

Les meir på KLINBEFORSK
Av:
Saka er levert av Helse Sør-Øst