– Vi støttar brukarorganisasjonane kvart år fordi dette er eit viktig bidrag for pasientar som har behov for å lære meir om eigen sjukdom, møte andre i same situasjonen, og vere til hjelp for andre. Samtidig understøttar dette også det ansvaret pasienten har sjølv, til å halde seg oppdatert om sjukdommen, gjennom å delta på kurs og opplæring i regi av eigen organisasjon, seier Hans Stenby, plansjef i Helse Vest.
– Brukarorganisasjonane driv eit viktig arbeid overfor medlemmane sine, og set i verk tiltak for medlemmane som kanskje elles ikkje ville bli utført. Dei driv eit viktig helseopplysingsarbeid for innbyggjarane. Ordninga med tilskot har vart i ei årrekkje, og er eit viktig bidrag for pasientane på Vestlandet, som får verdifull hjelp, held Stenby fram.
121 organisasjonar fekk støtte for 2017
Sjå kven som fekk støtte (PDF)
Les meir på denne sida
Kontaktperson
Plansjef i Helse Vest, Hans Stenby, mobil: 415 33 817