Brukarar til styreborda

Brukarrepresentantar får tale- og forslagsrett i styra i helseføretaka i Helse Vest. Det er resultatet etter at det er laga felles retningslinjer for brukarutval nasjonalt.

Brukerutvalget har møte. Foto.
Grete Müller, nestleiar i det regionale brukarutvalet i Helse Vest. Arkivfoto: Kjetil Alsvik

– Dette er eit steg i retning av å setje visjonen om pasientens helseteneste ut i live, seier styreleiar Terje Vareberg i Helse Vest RHF.

Han applauderer den nye ordninga, der brukarrepresentantar får observatørstatus i styra. Den er eit resultat av at leiarane for brukarutvala og helseføretaka i landet har sett seg ned saman for å gå opp ein felles, nasjonal praksis for korleis ordninga med brukarutval skal praktiserast.
Grete Müller, nestleiar i det regionale brukarutvalet i Helse Vest er glad for ordninga, og at ein no kan einast om felles retningslinjer.

Det betyr mykje at røysta til pasientane og brukarane også kan høyrast ved styreborda. Dette vil vere ei stendig påminning til styra om kva perspektiv som må vere det gjeldande til ei kvar tid, nemlig pasienten sitt, seier Müller.

Dette dekkjer retningslinjene

Det er sett på ei rekkje ulike område: Representasjon i styra i helseføretaka, nominasjon og oppnemning av brukarrepresentantar, møteverksemd, deltaking i plan- og prosektarbeid, arbeidsform i brukarutvala, forventningar til og godtgjersle av brukarrepresentantar. Også talet på medlemmer og kompetansen deira er omfatta av dei nye retningslinjene.

Likare praksis

Resultatet er at ein får ei likare tilnærming nasjonalt til korleis ein knyter til seg brukarkompetanse gjennom brukarutvala. Det er nokre regionale og lokale variasjonar i dette som skal få halde fram der det fungerer.

Vedteke i dag

Det var på styremøtet i dag, 4. april, at styret i Helse Vest RHF vedtok dei nye retningslinjene.

Her er styresaka og komplette retningslinjer