Bildøy har sjølv fleire års erfaring med pasientar og brukarar, og har særleg arbeidd mykje med barn og ungdom.
– Eg er særskilt oppteken av at det er mange sårbare personar som kan trenge hjelp i kvardagen.
Det er viktig å vere del av dialogen i eit brukarutval og kunne drøfte og vurdere saker som kan gjere situasjonen så god som mogleg for pasientane.
I brukarutvalet representerer vi alle pasientane, og eg vil arbeide for at alle skal ha eit godt helsetilbod, fortel han.

Bildøy har blant anna vore fylkessekretær for Kristeleg Folkeparti i Sogn og Fjordane. No er han FFO (Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon) si stemme i brukarutvalet gjennom Hørselshemmedes Landsforbund (HLF).
Det regionale brukarutvalet (RBU) hadde nyleg sitt første møte, og leiar Linn Bæra fekk tillit for to nye år.

Medlemmar 2017 - 2019
Leiar
Linn Bæra, Rådgivningen om spiseforstyrrelser (FFO), Hordaland
Nestleiar
Grete Müller, Norsk forbund for utviklingshemming Rogaland (SAFO Vest)
Øvrige medlemmar
Elisabet B. Salte
Norsk astma- og allergiforbund (FFO), Rogaland
Merete Hauge (NY)
ME-foreningen (FFO), Hordaland
Anders Sundbotten (NY)
Rusmisbrukernes interesseorganisasjon (RIO)
Gunnar Ekeland
Diabetesforbundet, (FFO), Sogn og Fjordane
Henrik Aasved (NY)
Kreftforeningen
Kari Toftøy-Andersen
Fibromyalgiforeningen (FFO), Rogaland
Kristoffer Skjolden (NY)
Fylkesrådet for eldre, Sogn og Fjordane
Jostein Bildøy (NY)
Hørselshemmedes Landsforbund (FFO), Sogn og Fjordane
Det er oganisasjonene sjølve som vel ut sine kandidatar til å sitje i brukarutvalet.
Les meir om det regionale brukarutvalet
Mandat for brukarutvalet
Brukarutvala skal vere eit rådgivande organ for styre og administrerande direktør i helseføretaka i saker som angår tilbodet til pasientar, brukarar og pårørande. Brukarutvala skal vere fora for tilbakemelding frå pasientar, brukarar og pårørande om erfaringar med helsetenesta, og dei skal vere samarbeidsfora mellom helseføretaket og brukar- og pasientorganisasjonar. Brukarutvala skal bidra med kompetanse i planarbeid, og føreslå brukarrepresentantar i råd og utval. Brukarutvalet skal ikkje handsame enkeltsakar (pasientsakar).
Av:
Siri Tjessem Fjælberg