Du kan fremme kandidatar til forskingsprisane for 2017

No kan du foreslå kandidatar til både Helse Vest sin Forskingspris og Innovasjonspris for 2017. Fristen for å fremme kandidatar er 15. september.

Benk med utsikt over Bjørnefjorden. Foto.
 

Helse Vest og Det regionale samarbeidsorganet for forsking og innovasjon inviterer leiarar og medarbeidarar ved helseføretak/sjukehus, universitet og høgskular i regionen til å komme med forslag til kandidatar til dei to prisane.

Fristen for å fremme kandidatar er innan fredag 15. september 2017. Prisane blir delte ut i samband med Forskingskonferansen i Helse Vest som blir arrangert i Bergen på Solstrand Hotel & Bad torsdag 26. og fredag 27. oktober 2017.

Meir informasjon og skjema for å fremme kandidatar