Endeleg ja til brystkreftmedisin

Beslutningsforum for nye metoder har sagt ja til at legemiddelet trastuzumabemtansine (Kadcyla) kan innførast til brystkreftbehandling.

Hand med veneflon. Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto: Eivind Senneset.

​Legemiddelet kan brukast etter førstelinjebehandling for pasientar med HER2-positiv, inoperabel lokalavansert eller metastatisk brystkreft. Kring 100 kvinner per år i Norge kan vere aktuelle for denne behandlinga.

– Eg er svært glad for at vi nå endeleg kan tilby dette legemiddelet i dei offentlege sjukehusa våre, til beste for pasientane, seier leiar for Beslutningsforum for nye metoder, Lars Vorland.

Denne typen brystkreft er ein svært alvorleg sjukdom, og det finst inga kurativ behandling. Trastuzumab emtansine (Kadcyla) har vist effekt, og kan bidra til å forlenge livet i snitt eit halvt år.

Kritisk

Det er fjerde gongen Beslutningsforum for nye metoder vurderer dette legemiddelet. Tre gonger tidlegare har det blitt nei, fordi prisen på legemiddelet er svært høg. Beslutningsforum for nye metoder er kritiske til korleis legemiddelfirmaet har opptredd i denne saka.

– Dette legemiddelet har ein svært høg pris, i likhet med stadig fleire legemiddel. Vi opplever i dette tilfellet at produsenten har ønskt å få ein så høg pris som mogleg, og at dei i våre auge har testa grensene for kor mykje sykehusa er villige til å betale, seier Lars Vorland.

Les heile saka på nyemetoder.no