Fleire med lungekreft får immunterapi

Legemiddelet pembrolizumab (Keytruda) kan brukast til endå fleire lungekreftpasientar. "Beslutningsforum for nye metoder" har sagt ja til også å ta det i bruk i førstelinjebehandlinga. Men det er høge kostnader.

Leiar av Beslutningsforum for nye metoder, Lars Vorland, blir intervjua av TV2
Leiar av Beslutningsforum for nye metoder, Lars Vorland, var glad for at han kunne fortelje at lungekreftpasientar no får immunterapi som første behandling. Her i intervju med TV 2. Foto: Anne May Knudsen

Legemiddelet er allerede teke i bruk for pasientar i andrelinjebehandling, etter at kjemoterapi er brukt i behandlinga.

I sitt møte 22. mai 2017 sa Beslutningsforum for nye metoder også ja til førstelinjebehandling av lokalavansert eller metastatisk PD-L1 positiv ikkje-småcella lungekreft hos vaksne med PD-L1 uttrykk på minst 50 % utan EGFR- eller ALK-positive mutasjoner i tumor.

Les heile artikkelen på nyemetoder.no, der du også finn protokoll og saksdokument

Fleire ja frå Beslutningsforum

Fleire metodar var til vurdering i møtet 22. mai.

Les avgjerslene for legemidla krizotinib (Xalkori), baricitinib (Olumiant), sofosbuvir/velpatasir (Epclusa) og fleire blødarpreparat, som alle har fått ja frå Beslutningsforum for nye metoder