Det seier administrerande direktør Herlof Nilssen i Helse Vest. Han siktar til rapporten «Forskning og innovasjon til pasientens beste».
Viktig å synleggjere resultat
Rapporten er utarbeidd av dei fire regionale helseføretaka på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet og presenterer 18 nasjonale, pasientnære forskingsprosjekt frå 2016.
– Det er viktig å synleggjere resultata frå forsking og innovasjon i spesialisthelsetenesta, seier Nilssen.
3,6 milliardar til forsking årleg
Rapporten blei overlevert statssekretær Anne Grethe Erlandsen under eit forskingsseminar i Helse- og omsorgsdepartementet 15. juni.
Helseføretak og private sjukehus bruker årleg cirka 3,6 milliardar kroner på forsking. Heile 22 prosent av desse midlane går til kreftforsking.
Auka brukarmedverknad
Nasjonale nøkkeltaI presentert i rapporten viser at brukarmedverknaden i forskingsarbeidet aukar betydeleg. I 2014 gjekk 20 prosent av forskingsmidlane til prosjekt med brukarmedverknad. I 2016 er denne delen auka til 45 prosent.
Oransje briller og røyking
Dei 18 forskings- og innovasjonsprosjekta omfattar blant anna bruk av oransje briller blant maniske pasientar, unødig frykt for idrettsdødsfall hos barn med medfødd hjartefeil og korleis unge gutars røyking kan gi deira framtidige barn astma.
Helse Vest er representert ved fleire forskingspresentasjonar:
- Unge gutars røyking kan gi deira framtidige barn astma
Helse Bergen - Oransje briller gir betring til maniske pasientar
Helse Fonna - Parkinsons sjukdom: Mennesket bak forskinga (ParkVest-studien)
Helse Stavanger - Sjølvrapportering gir positivt utslag på behandling i psykisk helsevern
Helse Førde
Les heile rapporten