Først ute med eiga forbetringsutdanning

Helse Vest er første helseregion i landet til å starte eiga forbetringsutdanning for helsepersonell. Målet er at auka kunnskap skal akselerere arbeidet med kvalitetsforbetring, redusere talet på pasientskadar og skape varige strukturar for pasienttryggleik.

Regional forbetringsutdanning
Kull èin i Helse Vest si forbetringsutdanning. 30 medarbeidarar frå Helse Bergen, Helse Førde, Helse Fonna, Helse Stavanger og Haraldsplass Diakonale sjukehus er samla til første samling på Sola ved Stavanger.

​Visste du at det kan ta opp til 17 år frå fagmiljøa er einige om kva som er beste praksis til dette er blitt ein standard del av behandlinga? Ofte viser det seg at den behandlinga eller undersøkinga vi trur alle pasientane får, faktisk berre blir gitt til 60-80 prosent av pasientane og brukarane.

Må ha meir kunnskap

For å lykkast med å forbetre norsk helse- og omsorgsteneste i takt med den stadig raskare utviklinga, treng helsepersonell både klinisk kunnskap og kunnskap om forbetringsarbeid. Det er viktig at leiarar og medarbeidarar i sjukehusa har kunnskap om korleis dei kan påverke til endring, spreie og vedlikehalde endring for å oppnå kvalitetsforbetring.

– Arbeidet med å betre pasienttryggleiken og redusere talet på pasientskadar i sjukehusa går rett og slett for seint. Talet på pasientskadar er redusert, men langt i frå så mykje som ønskt. Det verkar litt tilfeldig kvar tiltaka våre i pasienttryggleiksprogrammet går bra og kvar det ikkje går fullt så bra. Men, det vi ser er at dei som får det til ofte har meir forbetringskompetanse enn dei som ikkje får det så godt til, seier Synnøve Serigstad, leiar av program for pasienttryggleik i Helse Vest.

Det finst ei rekkje utdanningstilbod, både skandinaviske og internasjonale, som skal gi implementeringsstøtte og rettleiing for å bidra til at resultata vedvarar. Det nasjonale pasientsikkerhetsprogrammet tilbyr årleg plassar til Nordisk forbedringsagentutdannelse, har e-læringskurs og moglegheit til å delta i opplæringsprogram i Skottland. Problemet er at det er få plassar på desse utdanningane, noko som gjer at det tar for lang tid å byggje opp brei forbetringskompetanse i heile føretaksgruppa.

Første norske forbetringsutdanning

Den regionale forbetringsutdanninga byggjer på The Improvement Advisor Professional Development program frå Institute for Healthcare Improvement (IHI) i USA og Nordisk forbedringsagentutdannelse frå Dansk selskab for patientsikkerhet/Helsedirektoratet. Målet er utdanne minst 30 personar i året.

– Vi ønskjer at så mange som mogleg skal få den kompetansen som trengst for å kunne sette i verk, gjennomføre og leie klinisk forbetringsarbeid, som gir varig betring av tenestene, til det beste for pasientar og pårørande. Derfor etablerer vi ei eiga regional utdanning som kjem i tillegg til dei andre tilboda, seier Serigstad.

Forbetringsutdanninga er praktisk orientert og går over ti månader frå august 2017. Utdanninga gir kompetanse i systematisk forbetring og bruk av statistisk prosesskontroll (SPC) og alle deltakarar skal gjennomføre eit klinisk forbetringsarbeid i utdanningsløpet. Som del av utdanninga vil deltakarane få rådgiving frå ein rettleiar. Forbetringsutdanninga består av tre obligatoriske samlingar over to dagar, i tillegg til telefonmøte mellom samlingane.

– Auka kunnskap skal gjere medarbeidarane i stand til å planleggje og gjennomføre systematisk forbetringsarbeid, og å kunne sjå om den endringa som er gjort faktisk er ei forbetring, seier Serigstad.

Auka kunnskap i heile organisasjonen

I tillegg til den regionale forbetringsutdanninga er det og lagt opp til å auke kompetansen til leiarane i føretaksgruppa. Det er blant anna arrangert eige leiarseminar i forbetringsmetodikk for nivå 2- og 3-leiarar og det blir arrangert eigne pasienttryggleiksdagar og kurs i kvalitetsforbetring i fleire av helseføretaka. Desse tiltaka skal gjennomførast kontinuerleg slik at ein sikrar at flest mogleg av medarbeidarane i føretaksgruppa har kjennskap til forbetringsmetodikken og lar han bli ein naturleg del av verksemdsutviklinga.

Regional forbetringsutdanning i Helse Vest

Forbetringskompetanse i Helse Vest