Det har ikke lukkast norske myndigheiter i å forhandle fram ein akseptabel pris for legemiddelet Spinraza. Derfor måtte Beslutningsforum for nye metoder for andre gang seie nei til å innføre legemiddelet nusinersen (Spinraza) til behandling av den alvorlege sjukdommen spinal muskelatrofi (SMA).
– Dette er svært beklageleg for dei pasientane og pårørande som vi veit ønskjer noko anna. Det gjer også vi. Vi ønskjer at legemiddelet skal kunne takast i bruk i sjukehusa, men prisen er altfor høg, seier leiar av Beslutningsforum for nye metoder, Lars Vorland.
Les heile saka på nyemetoder.no