Fritt behandlingsval for habilitering og rehabilitering

Frå 1. juli blir private rehabiliteringsinstitusjonar, som har avtale med dei regionale helseføretaka, ein del av ordninga fritt behandlingsval.

rehabiliterting, manog sykepleier
 

​Det betyr at pasientar med tilvising til undersøking eller behandling i spesialisthelsetenesta, har rett til å velje behandlingsstad, også innanfor habilitering og rehabilitering.

Alle tilbod ved offentlege behandlingsstader, private med avtale og private med godkjenning skal visast med ventetider på Velg behandlingssted på helsenorge.no.

Du finn meir informasjon på nettsida til Helsedirektoratet:

No kan pasientar velje behandlingsstad også for rehabilitering