Gjennomgår basestrukturen for luftambulansetjenesta

Helse Vest RHF og dei tre andre regionale helseføretaka gjennomgår for tida basestrukturen for luftambulansetenesta i Noreg. Ein rapport skal etter planen vere klar innan utgangen av året.

Pasient held handa til luftambulansepersonell. Foto.
 

I statsbudsjettet for 2017 har Stortinget bede regjeringa komme tilbake til Stortinget med eiga sak om basestrukturen for luftambulansen i Noreg.
Helse- og omsorgsdepartementet har gitt dei regionale helseføretaka i oppdrag å gjennomgå den nasjonale basestrukturen.

Helse Sør-Øst RHF leier arbeidet på vegner av dei fire helseregionane. Det er sett ned ei arbeidsgruppe som består av to representantar frå Helse Sør-Øst RHF, ein representant frå kvart av dei øvrige tre regionale helseføretaka og ein representant frå luftambulansetenesta.

Ein ekstern ressurs er leidd inn for å ha hovudansvaret for analysearbeidet og for å leie prosjektet. Det regionale fagdirektørmøtet skal fungere som styringsgruppe for prosjektet.

Arbeidet med gjennomgang av basestrukturen for luftambulansetenesta nasjonalt, skal etter planen vere ferdig innan utgangen av året og rapporten blir overlevert departementet når han er ferdigstilt.