Godt nøgde med sjukehusa

Innbyggjarane på Vestlandet har tillit til at dei vil få hjelp når dei treng det og har eit godt inntrykk av sjukehusa i regionen. Det er klart etter at resultata frå årets omdømmeundersøking er lagt fram.

legesjekk baby
Foto: Colourbox

Over 2 000 vestlendingar over 18 år er stilte nær 40 spørsmål på telefon om deira inntrykk av sjukehusa på Vestlandet når det gjeld blant anna pasientbehandling, økonomi, leiing, organisering, truverd og etikk. Undersøkinga er utført av analysebyrået Epinion på oppdrag frå Helse Vest RHF.
 
Innbyggjarane har eit godt inntrykk av sjukehusa på Vestlandet når det gjeld
pasientbehandlinga sjukehusa yter, den etiske standarden og at sjukehusa er gode arbeidsplassar. Sjukehusa får noko dårlegare score på leiing, organisering og i kva grad dei forvaltar offentlege midlar på ein god måte.

Høgt tillitsnivå

Resultata for omdømmemålinga for 2017 viser at resultata er stabile samanlikna med målingane frå 2016, 2015 og 2014. Stabile resultat over fleire år viser at Helse Vest klarer å oppretthalde eit høgt nivå av tillit til helsevesenet til tross for auka press og reduserte økonomiske rammer.

Viktig styringsinformasjon

Resultata kan brytast ned på føretaksnivå og kan gjennomgåande reknast som gode. Det har vore ein tendens til at dei største føretaka gjer det best, mens dei minste har scorar jamt over noko dårlegare. Dette gjeld i stor grad også i 2017-målinga. Målinga gir grunnlag for solide analysar og god styringsinformasjon.

For meir inngåande informasjon om Omdømmemålinga og resultata kan du lese saka som blei lagt fram for styret i Helse Vest RHF 14. desember.