– Det er ein viktig og gledeleg milepåle vi når i dag, og eg er ikkje i tvil om at nytt sjukehus på Ullandhaug er eit riktig grep for regionen, seier styreleiar Terje Vareberg i Helse Vest RHF.
Klarsignalet betyr at Helse Stavanger no kan gå i gang med detaljplanlegging av SUS2023, som byggeprosjektet på Ullandhaug blir kalla. Kostnadsramme for prosjektet er omlag 8,43 milliardar kroner. 70 prosent av dette skal finansierast via lån frå Helse- og omsorgsdepartementet, altså cirka 6 milliardar.
– Nytt sjukehus på Ullandhaug er eit kjempeløft for regionen – også i eit 100-års perspektiv, seier Vareberg.
Nyheitssak på helse-stavanger.no
Les meir om SUS2023
Les styresaka