Høge tvangstal krev brei satsing

Det er for høg bruk av tvangsmiddel innan psykisk helsevern i Helse Vest. Det viser tal for 2015. – Vi arbeider alt på fleire frontar for å få ned bruken av tvang i våre institusjonar, seier assisterande fagdirektør, Pål Iden, i Helse Vest.

To personer sitter i sykehushage og snakker. Foto.
Foto: Kjetil Alsvik

I dag blir resultata på ei rekkje nasjonale kvalitetsindikatorar lagt fram. For første gang er bruken av tvangsmiddel innan psykisk helsevern med på lista. I Helse Vest blei det i 2015 nytta tvang overfor 8,5 prosent av innlagde pasientar mot 6,2 på landsbasis.

– Det er svært nyttig at dette området no har komme med i dei nasjonale kvalitetsmålingane, men det er langt frå godt nok at vi ikkje kan vise til betre resultat, seier Iden.

Må endre måten vi jobbar på

Han har følgt utviklinga på feltet lenge, og er tydeleg på at det no må satsast på fleire frontar.

– Vi har gjort ein jobb med å rydde i korleis føretaka registrerer bruken av tvang for å sikre at dei gjer det i tråd med lovverket og at det blir gjort likt hos alle. No ber vi også om at det blir sett i verk konkrete tiltak for å få ned tvangsbruken innan utgangen av 2017. I tillegg startar vi eit regionalt arbeid med mål om å lære av dei beste, og endre måten vi jobbar på. Eit arbeid som skal gagne pasientane, seier han.

Frå 2017 får også styret i Helse Vest rapportert tal på utviklinga av tvangsbruken i regionen kvar månad.

Minst mogleg er målet

Noko av arbeidet dreier seg om å skape gode behandlingskulturar som spelar på lag med pasienten og som lar pasient og pårørande medverke i helsehjelpa. 

– Av og til er det ikkje til å unngå, men målet vårt er minst mogleg bruk av tvang overfor pasientar, seier Pål Iden

Ønske om å beskytte

Ifølgje lova kan tvangsmiddel berre brukast viss det er fare for liv og helse for pasienten sjølv eller andre.

– Utgangspunktet er altså eit ønske om å beskytte, og terskelen skal vere høg, ved at  frivillig helsehjelp og tillitsskapande arbeid først skal prøvast så langt det er mogleg, forklarer Iden.

Her er resultata for kvalitetsindikatoren fordelt på helseføretak.

Helse Stavanger starta i slutten av 2016 eit prosjekt som skal kvalitetssikre og få ned bruken av tvang.