Ja og nei til kreftlegemiddel

"Beslutningsforum for nye metoder" har sagt ja til å ta i bruk legemiddel til behandling av føflekkreft (malignt melanom), og nei til legemiddel til lymfekreft (mantelcellelymfom).

Arm som er gjort klar for intravenøs kreftbehandling. Foto.
 

I Beslutningsforum for nye metoders møte 9. juni sto legemiddel til to kreftformer på sakskartet.

Immunterapi til malignt melanom

Kombinasjonsbehandlinga med legemidla nivolumab (Opdivo) og ipilimumab (Yervoy) kan innførast til førstelinjebehandling av pasientar med avansert inoperabel føflekkreft (malignt melanom). Dette gjeld ei undergruppe pasientar som er PD-L1-negative. PD-L1 er eit protein som kan ha betydning for effekt av immunterapi. Om lag 70 pasientar kan vere aktuelle for denne behandlinga kvart år i Noreg.

Mangler effekt for lymfekreft

Legemiddelet ibrutinib (Imbruvica) blir ikkje innført til behandling av vaksne pasientar med residiverande eller refraktær mantelcellelymfom. Kunnskapsgrunnlaget er ikkje tilstrekkeleg til å berekne effektforskjellar mellom ulike behandlingar. Det har derfor ikkje vore mogleg å berekne kostnadsforskjellar.

Mantelcellelymfom er ein kreftsjukdom som representerer om lag seks prosent av alle non-Hodgkins-lymfomer, og er blant dei meir aggressive subtypane. Kring 20 pasientar kan vere aktuelle for slik behandling per år i Noreg.

Legemiddelet er kostbart. Beslutningsforum for nye metoder håper at eit anbud som blir lyst ut i desse dagar vil kunne gi større rabatt på prisen på legemiddelet. Pasientgruppa har i dag få behandlingsalternativ.

Saksdokument og protokoll

Saksdokument og protokoll frå møtet blir lagt i arkivet så snart som mogleg etter møtet: Møter i Beslutningsforum for nye metoder.

Mediekontakt

Ønsker media kontakt med Beslutningsforum for nye metoder, kontakt kommunikasjonsrådgivar Anne May Knudsen, mob. 975 92 815, e-post: amk@helse-nord.no.