Odda: Lokalsjukehus for framtida

Administrerande direktør i Helse Vest har lagt fram si tilråding for utviklinga av Odda sjukehus til styret i det regionale helseføretaket. Styremøtet er i Haugesund 4. april.

Odda sjukehus, fasade. Foto.
 

– Med dei endringane vi no tilrår meiner vi at Odda sjukehus skal vere godt rusta for framtida. Befolkninga skal ha trygge og fleire sjukehustenester med god kvalitet, seier Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest. Han tilrår at Odda sjukehus framleis skal vere eit akuttsjukehus for dei som treng det mest, med akuttfunksjon i indremedisin, radiologiske tenester, laboratorietenester, planlagd kirurgi, anestesilege i døgnvakt og skadepoliklinikk.

Vanlege skadar og sjukdommar, som gjeld dei fleste pasientane, skal framleis behandlast ved Odda sjukehus gjennom skadepoliklinikk og akuttfunksjon i indremedisin. Skadde pasientar skal ein kunne stabilisere ved til dømes å understøtte/overta pustefunksjon, overføre blodprodukt, stabilisere brot og utføre enklare kirurgiske prosedyrar.

Akuttkirurgisk verksemd blir tilrådd avvikla når Helse Fonna har planlagd gjennomføringa, i tråd med styrevedtaket gjort av Helse Fonna i styremøte den 7. mars 2017.

Allereie i dag blir dei alvorleg skadde og sjuke pasientane i all hovudsak transportert til eit større sjukehus med meir spesialisert kompetanse. Anbefalinga som no er lagd fram viser til at sjukehusa i Helse Vest utgjer til saman eit trygt akuttilbod for innbyggarane i Odda-området og vil ta vare på dei akutt skadde og sjuke pasientane gjennom det etablerte traumesystemet i regionen.

Blir akuttkirurgien avvikla, vil likevel avklaring av mindre skadar som til dømes brot, kunne skje ved Odda sjukehus. Det blir tatt røntgenbilete døgnet rundt på alle sjukehusa i føretaket, og dei blir beskrivne av vakthavande røntgenlege ved Haugesund sjukehus. Det blir lagt til grunn at det skal vere skadepoliklinikk ved Odda sjukehus.

Nilssen trekkjer også fram utfordringa knytt til rekruttering. – Sjølv om den enkelte medarbeidaren i Odda blir vurdert som fagleg god og med god kompetanse, er det ikkje realistisk at eit akuttkirurgisk tilbod ved Odda sjukehus vil kunne innfri krava til kvalitet som blir stilt i Nasjonal helse- og sjukehusplan og traumeplan.

Det gjeld krav til etablerte, trente team og til at det skal vere fleire kirurgispesialistar, både gastrokirurgar og ortopedar, på vakt. Spesialiseringa i medisinfaget vil fortsette å auke framover. Ekstern kvalitetssikrar understrekar også dette.

Tilrådingane som no er lagde fram dreier seg om utvikling av sjukehus i nettverk, forbetring av samarbeidet med kommunane, styrking av polikliniske og dagkirurgiske tenester, bemanning, rekruttering, kompetanse, stadleg leiing og teknologiske løysingar.

– Det har vore stor merksemd om det i saka som gjeld akuttkirurgi. Eg har lytta til alle innspel og har stor respekt for at ein kan ha ulike meiningar i saka. Men eg høyrer òg at fleire snakkar om at endringar som er vurderte og tilrådd er eit fyrste skritt for ei nedlegging av sjukehuset i Odda. Dette er ikkje riktig. Vi har berre eitt oppdrag og eitt ønskje. Det er å gi befolkninga det beste sjukehustilbodet i tråd med utviklinga vi ser på det medisinske området og å bygge tenestene i Odda slik eit sjukehus for framtida skal sjå ut.

Nilssen trekkjer fram at det polikliniske og dagkirurgiske tilbodet skal utviklast for å dekkje behova til fleire pasientar med behov for nære tenester. Helse Fonna må utarbeide ein konkret plan for utviding av dei polikliniske tenestene, basert på analysane i prosjektrapporten. Det er ein føresetnad at polikliniske tenester innanfor øyre-nase-hals, inkludert høyresentral, inngår i planen.

Dette vil gi befolkninga i Odda-området eit breiare sjukehustilbod enn i dag, på dei områda som er mest brukte. I tillegg til eit godt samarbeid i nettverket av sjukehus i Helse Fonna og forbetring av samarbeidet med kommunane, vil dette gi gode moglegheiter for utvikling av Odda sjukehus i åra som kjem.

FAKTA

  • I lys av føringane i Nasjonal helse- og sjukehusplan leverte prosjektet for Odda sjukehus sin rapport ved årsskiftet, og rapporten har vore på brei høyring fram til 21. februar 2017. Styret i Helse Fonna behandla saka 7. mars.
  • Mandatet til prosjektet var å bygge på omtale av lokalsjukehusa og deira rolle i Nasjonal helse- og sjukehusplan, og medverke til å utvikle eit framtidsretta og trygt tenestetilbod ved Odda sjukehus. Prosjektet har kome med tilrådingar om overordna prinsipp for utviklinga av Odda sjukehus, mens utforming og implementering av endringane skal gjerast i regi av Helse Fonna.
  • Det blei gjennomført ei ekstern kvalitetssikring av prosjektet, som blei publisert 7. februar. Kvalitetssikringa konkluderer med at det har vore ein grundig prosess og at analysar og vurderingar har ein kvalitet og grundigheit som gir grunnlag for å gå vidare. Vidare arbeid med detaljerte risiko- og sårbarheitsanalysar vil vere del av oppfølgingsarbeidet i Helse Fonna.
Les meir om prosjektetStyresak som skal behandlast 4. aprilAlle styresakene til styremøtet 4. april med vedlegg

Kontaktperson for pressa:

Bente Aae, kommunikasjonsdirektør Helse Vest RHF, tlf.: 415 33 807/ bente.aae@helse-vest.no.