Pasientens helseteneste på nett

Då dei offentlege sjukehusa i Noreg skulle lage nye nettsider, lytta vi til den aller viktigaste stemma: nemleg stemma til pasienten. Det pasientane sa, bestemte korleis nettsidene skulle bli.

To pleiere snakker med pasient i seng
Foto: Kjetil Alsvik

Korleis er det eigentleg å vere sjuk? Kva slags informasjon treng du då? For å lage nye nettsider, måtte vi ha svar på desse spørsmåla. Prosjektet «Felles nettløsning for spesialisthelsetjenesten (FNSP)» intervjua 150 pasientar, pårørande og helsepersonell i 18 fokusgrupper ni stader rundt om i landet. Alle sjukehusa hadde også ei spørjeundersøking på sine nettsider der brukarane skulle seie kva dei lurte aller mest på.

Christin Nyland, leiar av nasjonalt redaksjonsråd for FNSP, oppsummerer det vi fann. Folk som blir sjuke, må orientere seg i ein heilt ny kvardag. Alle spørsmål dukkar opp samtidig; kva feilar det meg, kor skal eg, kva skjer og når skjer det? Vi har samla all relevant informasjon knytt til sjukdommen og meiner dette gjer det enklare for pasientar og pårørande å finne fram.

Christin Nyland portrett. Foto.

Ei unison tilbakemelding frå folk vi var i kontakt med, var at dei ønskte informasjon om det som skjer før, under og etter behandling. Dei ville også finne oversiktleg og lettfatteleg informasjon om diagnose, prognosar og behandling, med moglegheit for å fordjupe seg i meir utfyllande informasjon. Dei sa at dei har behov for heilskapleg, relevant informasjon om pasientløpet og oversikter over kor ein kan få behandling for kva. Informasjon om kvalitet, ventetider og tilvisingsrutinar ved den enkelte behandlingsstad stod også på ønskelista i tillegg til praktisk informasjon om sjukehuset.

Tilbakemeldingane frå brukarane av sjukehustenestene viser at internett er ein del av sjukehuset, ein del av pasientreisa og ein del av behandlinga. Under utviklinga av nettløysinga har vi latt brukarane ha ei hand på rattet: Dei har fått testa løysinga og gi tilbakemeldingar på om vi er på rett veg. Slik vil det fortsatt vere når nettløysinga skal vidareutviklast. Vi håper og trur at dette er eit langt og viktig og riktig skritt på vegen mot pasientens helseteneste. Sjekk nettsidene til ditt sjukehus dersom du eller nokon av dine nærmaste blir sjuke!

Nettsidene er under utvikling, og vi jobbar stadig med å beskrive fleire behandlingar. Det at du ikkje finn omtale av ei behandling, betyr ikkje nødvendigvis at den ikkje blir tilbydd.

Finn behandlingssider på nettsidene til våre helseføretak