Pasienttryggleik: Massiv innsats men ikkje i mål

Målet om å redusere talet på pasientskadar med 25 prosent innan 2018, blir ikkje nådd. Vi må erkjenne at det trengs meir kompetanse for å betre pasienttryggleiken i sjukehusa.

<bilde fra operasjonssal>
Illustrasjonsfoto

Mykje godt arbeid er gjort. Det er no fem år sidan program for pasienttryggleik blei etablert i Helse Vest. Vi har sjølvsagt lengre tradisjon for å tenkje på pasienttryggleik og kvalitetsforbetring, men det var då vi starta arbeidet med systematisk å følgje opp dei områda der det var flest pasientskadar, med kunnskapsbaserte tiltak og kvalitetsindikatorar, på lik linje med andre styringsparameter.

Program for pasienttryggleik i Helse Vest bygger på det nasjonale Pasientsikkerheitsprogrammet I trygge hender 24/7, der målet er å redusere talet på pasientskadar med 25 prosent frå 2012 til utgangen av 2018. I tillegg er det eit mål å byggje varige strukturar for pasienttryggleik og betre pasienttryggleikskulturen i sjukehusa.

- Pasienttryggleik handlar ofte om det helsepersonell gjer kvar einaste dag i sjukehusa. Pasientane skal vere sikre på at tenestene verkar, er trygge og at dei heng godt saman når ein er avhengig av helsehjelp frå fleire instansar. Det skal vi få til ved å arbeide målretta og systematisk innanfor utvalde område som er spesielt utsette for skade, seier Synnøve Serigstad, leiar av program for pasienttryggleik i Helse Vest.

Massiv innsats

I løpet av dei fem siste åra har Program for pasienttryggleik i Helse Vest sett til at tiltak og aktivitet som er starta både i det nasjonale pasientsikkerheitsprogrammet og i det regionale programmet i Helse Vest er implementerte i alle relevante avdelingar i sjukehusa. Tiltak for å auke tryggleik i samband med bruk av ulike legemiddel, førebygging av trykksår og fall, førebygging av urinvegsinfeksjonar, sjølvmord og overdosedødsfall, trygg kirurgi og god behandling ved hjerneslag er nasjonale tiltak som er implementerte i sjukehusa i Helse Vest.

Det same er dei regionale innsatsområda trygg fødsel, trygg gastrokirurgi, trygg ortopedi og felles hastegradsvurdering i akuttmottak (SATS Norge). Regionalt GTT prosjekt, faglege revisjonar, måling av handhygiene, forsking på pasienttryggleik og regionale pasienterfaringsundersøkingar er løypande regionale tiltak for å understøtte arbeidet med pasienttryggleik i regionen. Innsatsområda førebygging av underernæring og tidleg oppdaging av forverra tilstand er dei seinast tilkomne nasjonale innsatsområda, og desse er organiserte som nettverk, med Helse Stavanger som leiar av nettverka.

På rett veg

Målet om å redusere pasientskadar er satt i forhold til systematisk gjennomgang av eit utval sjukehusjournalar (GTT) frå 2012. Det vart då funne skadar ved nær 13 prosent av utskrivingane frå norske sjukehus. 25 prosent reduksjon betyr at vi skal vere nede i underkant av 10 prosent innan utgangen av 2018. Men journalgjennomgangane frå 2010 til 2016 kan dessverre ikkje vise til signifikante endringar i skadetala.

- Slik det ser ut no klarer vi neppe å nå målet om 25 prosent reduksjon i talet på pasientskadar innan utgangen av 2018. Det betyr ikkje at programmet er feilslått eller at tiltaka er feil. Tvert om. Ser vi nærmare på status for innsatsområda i sjukehusa ser vi at det er stor variasjon i bruk av tiltakspakkane både internt i sjukehusa og mellom sjukehus. Dei einingane der innsatsområda er implementerte i tråd med intensjonen kan vise til svært gode resultat i form av færre pasientskadar. Felles for einingar med gode resultat er at dei har god kunnskap i forbetringsmetodikk som gjer at dei greier å skape endringar som varer over tid, seier Serigstad.

Alle innsatsområda i Program for pasienttryggleik skal følgjast gjennom indikatorar i Styringsportalen, slik at alle einingsleiarar kan følgje med på sine resultat. Det er likevel ei utfordring for enkelte av innsatsområda at opplysningar om behandling langt på veg ikkje blir registrert i strukturerte element, og såleis er vanskelege å hente ut automatisk.

- Dette er ei utfordring for den daglege arbeidsflyten og oppfølging av pasientar på sjukehusa når vi må gjere manuelle registreringar. Vi håper at nye tekniske løysingar kan løyse desse utfordringane. Det blir no arbeidd med å sikre at verktøya støttar opp om arbeidsprosessane i sjukehusa, og ikkje minst for å sørgje for gjennomgåande definisjonar og at data kan brukast att i løysingane, fortel Serigstad.

Treng meir forbetringskunnskap

Det er viktig at leiarar og medarbeidarar i sjukehusa har kunnskap om korleis dei kan påverke til endring, spreie og vedlikehalde endring for å oppnå kvalitetsforbetring. Målet om å halvere talet på pasientskadar, byggje varige strukturar for pasienttryggleik og betre pasienttryggleiksskulturen, føreset altså kunnskap om pasienttryggleik og forbetringsmetodikk på alle nivå i føretaka. Dette er også avgjerande for å kunne vedlikehalde oppnådde forbetringar også etter programperioden.

Det finnst ei rekkje utdanningstilbod, både regionale og nasjonale, som skal gi støtte og rettleiing for å bidra til at resultata varar. Det nasjonale pasientsikkerhetsprogrammet tilbyr årleg plassar til Nordisk forbedringsagentutdannelse, har e-læringskurs og moglegheit til å delta i opplæringsprogram i Skottland og i USA. 46 kandidatar frå Helse Vest har gjennomført slike utdanningsløp sidan 2013.

- Dette er likevel ikkje tilstrekkeleg til at medarbeidarar på ulike nivå og med ulike oppgåver skal kunne gjennomføre konkret forbetringsarbeid på ein effektiv og systematisk måte. Program for pasienttryggleik i Helse Vest har derfor etablert eit eige kompetanseprogram i forbetringskunnskap, fortel Serigstad.

Kompetanseprogram i forbetringskunnskap

Kompetanseprogrammet gjere greie for kva kompetanse medarbeidarar på ulike nivå har behov for, og konkrete opplæringstilbod som følgjer opp dette.

- Etter kvart som vi får opp forbetringskompetansen i organisasjonen og systema for automatisk datafangst er på plass, håpar vi dette vil vere ein katalysator for å få ned talet på pasientskadar, seier Serigstad.


Status for innsatsområda i Program for pasienttryggleik:

Trygg kirurgi

Sjekkliste for trygg kirurgi skal redusere komplikasjonar i samband med kirurgiske inngrep og er innført i alle relevante einingar i sjukehusa i Helse Vest. Likevel ser vi at det er variasjon i bruken av sjekklista. Helse Førde og Helse Fonna ligg jamt på rundt 100 prosent, mens Helse Bergen og Helse Stavanger ligg på rundt 85 prosent. Helsedirektoratet/det nasjonale pasientsikkerheitsprogrammet vurderer eit innsatsområde som stabilt implementert når ein over tid ligg på over 90 prosent. I løpet av hausten skal alle sjukehusa gjennomføre audits for å undersøkje kvaliteten på bruken av sjekklista for trygg kirurgi.

Trygg pleie/behandling

Trygg pleie er ein pleiepakke som skal sikre pasientar mot å falle, å utvikle trykksår og under – og feilernæring. Gjennomgang av eit utval pasientjournalar (GTT –undersøkingane) og internasjonal forsking viser at fall, trykksår og underernæring er vanlege pasientskader.  Med svært enkle tiltak kan mange av desse skadane førebyggjast, og det vil gi færre skader og komplikasjonar og færre liggjedøgn. I Helse Vest kan vi måle i kva grad vi risikovurderer pasientane for desse skadane i løpet av dei første 24 timane dei er innlagde på våre sjukehus, slik at vi kan sette i verk førebyggjande tiltak.

I overkant av 60 prosent av pasientane er risikovurderte for fall, i overkant av 50 prosent for trykksår og i underkant av 50 prosent for ernæring. Målet er å liggje stabilt over tid på 90 prosent. Sjølv om sjukehusa samla sett ikkje er i nærleiken av dette målet, skil einskilde avdelingar seg ut med gode resultat. I tillegg ser vi at utviklinga dei siste åra går i rett retning.

Hjerneslag

Om lag 15 000 personar blir ramma av hjerneslag kvart år i Noreg, og trygging av pasientar med hjerneslag er eit av tiltaka i det nasjonale pasientsikkerheitsprogrammet. I Helse Vest har arbeidet vore kombinert med fleire folkeopplysingskampanjar for å auke kjennskapen til symptoma på hjerneslag og kor viktig det er å ringje 113 med ein ved mistanke om hjerneslag. Tiltakspakken for behandling av hjerneslag er implementert i alle føretaka i Helse Vest. Fram til 1. januar 2017 kunne vi følgje kvaliteten på behandlinga i Helse Vest med data frå Norsk hjerneslagsregister. For eksempel kunne vi følgje med på kor mange pasientar som var lagt inn på slageininga på sjukehuset, kor lang tid det gjekk frå symptoma starta til pasienten fekk blodproppløysande medisin (trombolyse), og kor lang tid det gjekk frå pasienten kom til sjukehuset til pasienten fekk trombolyse. På grunn av usemje om korleis data frå Norsk hjerneslagsregister kan nyttast har vi ikkje lenger muligheit til å hente ut desse tala. Registeransvarlege på kvar nevrologiske avdeling kan få oversikt over eiga avdeling ved å logge seg inn i hjerneslagsregisteret og ta ut data, men vi kan altså ikkje synleggjere dette regionalt.

Nevrolog Soffien Amji ved Helse Stavanger har i 2017 delteke på utdanninga The Scottish Quality and Safety (SQS) Fellowship Programme. Dette er ei utdanning som kombinerer teori om forbetringskunnskap med eit eige klinisk forbetringsprosjekt. Amji sitt prosjekt var å korte tida det tar å stille rett diagnose og starte behandling med blodfortynnande medisinar for hjerneslagspasientar ved Stavanger universitetssjukehus. På få månadar gjekk forventa behandlingstid for hjerneslagspasientar ned frå 27 til11 minutt. Leiar av Norsk nevrologisk foreining har uttalt at det ikkje er publisert resultat der nokon i verda har vore raskare enn dette.

Samstemming av legemiddellister

Legemiddelsamstemming (LMS) går ut på å lage ei fullstendig og korrekt oversikt over alle medisinane pasienten brukar som utgangspunkt for den vidare behandlinga. Manglande samstemming av legemiddellister er kjent som eit betydelig pasienttryggleiksproblem både nasjonalt og internasjonalt. Legemiddelfeil er den hyppigaste årsaka til pasientskadar. Samstemming av legemiddellister er avhengig av ulike elektroniske system som Dips, elektronisk kurveløysing, e-resept, forskrivingsmodul, kjernejournal m. fl. Det er ei utfordring å få desse systema til å kommunisere på tvers. Det er arbeidd mykje med å få på plass gode system for legemiddelsamstemming i Helse Vest. Målet er at dei nye systema for elektronisk kurve skal løyse desse utfordringane og leggje til rette for god samstemming.

Førebygging av urinvegsinfeksjonar (UVI) og infeksjonar ved sentralt venekateter (SVK)

Vi antar at omlag 80 prosent av helsetenesteassosierte urinvegsinfeksjonar i sjukehus er relaterte til bruk av urinvegskateter. Tiltak knytte til å hindre urinvegsinfeksjonar og infeksjonar i samband med bruk av sentralt venekateter er implementerte i dei relevante kliniske einingane i føretaka i Helse Vest. I tillegg vil tiltaka bli understøtta av «prosess- og beslutningsstøtte» i dei nye systema for elektronisk kurve og i Dips Arena. Data for å følgje kvaliteten på dette må hentast frå elektronisk kurve/Meona når dette er på plass. Foreløpig blir desse tiltaka målte ved manuelle teljingar og registreringar på postane.

Førebygging av sjølvmord

Tiltak for å hindre sjølvmord i akuttpsykiatriske institusjonar er implementerte til alle aktuelle postar i føretaka i Helse Vest. Det er definert og utarbeidd ein kvalitetsindikator for førebygging av sjølvmord i Styringsportalen. I overkant av 40 prosent av pasientane har kriseplan ved utskriving.

Førebygging av overdosedødsfall etter utskriving frå rusinstitusjon
Noreg eit høgt tal overdosedødsfall samanlikna med andre europeiske land, og dette er eit stort samfunnsproblem. Ein stor del av overdosedødsfalla skjer i samband med utskriving frå institusjon, eller som følgje av brot i behandlinga. Forsking viser at risikoen for å døy av overdose dei fire første vekene etter behandling er 16 gonger større enn elles. Tiltakspakken for å hindre overdosedødsfall etter utskriving frå rusinstitusjon er implementert i alle relevante einingar i Helse Vest. Program for pasienttryggleik samarbeider med Kvalitetsregister for rus for å innhente data automatisk til kvalitetsindikatorar for å måle kvaliteten på tiltaka og for å førebyggje overdosedødsfall.

Tidleg oppdaging av forverra tilstand

Fleire internasjonale studiar viser at pasientar på sjukehus kan ha kritisk sjukdom som ikkje er oppdaga eller behandla. Ofte blir dette oppdaga for seint, og pasientane kan utvikle alvorleg forverring med organsvikt og hjartestans.  Innsatsområdet for tidleg oppdaging av forverra tilstand dreier seg om å innføre eit system for tidleg å oppdage og handtere akutt forverring. Tiltakspakken er under innføring i alle føretaka i Helse Vest.

Trygg ortopedi, trygge fødslar og trygg gastrokirurgi

Kunnskap om pasientskadar må nyttast for å gjere helsetenestene tryggare. Materiell som er samla i Norsk pasientskadeerstatning (NPE) er ei viktig kjelde til læring om skader på pasientar. Program for pasienttryggleik har brukt data frå NPE til kvalitetsprosjekt innanfor ortopedi, fødeomsorg og gastrokirurgi. Det er utarbeidd tiltakspakkar for å redusere pasientskadar innanfor alle desse områda, og desse er implementerte i alle føretaka. Det er etablert kvalitetsindikatorar for alle desse tre innsatsområda, og det blir arbeidd med å kople data frå dei ulike kjeldene og synleggjere desse i Styringsportalen slik at dei kan nyttast i lokalt forbetringsarbeid.

Innføring av felles system for hastegradsvurdering i Helse Vest (SATS Norge)

Sats Norge er no innført som felles system for hastegradvurdering i akuttmottak i Helse Vest. Kvaliteten på arbeidet skal følgjast med målingar, men data til desse er ikkje tilgjengelige før elektronisk kurve er innført og det er etablert løysingar for datafangst frå Meona.

Annan aktivitet i Program for pasienttryggleik

Tavler
Dei nasjonale og regionale innsatsområda i program for pasienttryggleik er viktige for å sikre tryggleiken til pasientane våre. Samstundes er pasienttryggleik meir enn berre desse innsatsområda, og for nokre avdelingar er det andre forhold eller risikoområde som er meir eller like aktuelle enn dei som fell under programmet. Tavler blir i aukande grad tekne i bruk i avdelingane som eit nyttig verktøy for å sikre eit system for å følgje opp pasienttryggleiken, både knytt til programmet sine innsatsområde og andre aktuelle risikoar for pasientgruppa.
Risikotavler og eller pasienttavler er eit verktøy som gjer det enklare å vurdere og overvake pasientane sine risikoar gjennom heile pasientforløpet, og planleggje opphaldet slik at det blir trygt og samanhengande for kvar enkelt pasient. Fleire einingar har innført tavlemøte som fast rutine, der eit tverrfagleg team dagleg gjer ei gjennomgang av pasientane sine risikoar og korleis følgje dei opp med tiltak. Tavlene gir ein systematisk oppfølging og gjennomgang av pasientane, og sørgjer for daglege, tverrfaglege diskusjonar om risikoområde. I all hovudsak er tavlene manuelle, whiteboardtavler. Helse Stavanger har pilotert elektroniske tavler. Elektroniske tavler med integrasjon mot journalsystem og andre fagsystem gir langt betre moglegheiter for å følgje kvaliteten både på behandlinga som blir gitt til kvar pasient og på kvaliteten på eininga samla.

Forsking og tildeling av såkorn prosjekt
Program for pasienttryggleik delte ut 2,9 millionar kroner til forskingsformål i 2017. Midlane gjekk til to Phd-prosjekt og eit post doc-prosjekt. Det er etablert eit nettverk for forsking på pasienttryggleik, leia av Helse Bergen. Nettverket skal arrangere to samlingar per år der stipendmottakarar og rettleiarar blir invitert til å delta og bidra. Det er også etablert eit fagpanel av norske og internasjonale forskarar som kan gi støtte og vurdering av forskingsporteføljen og bidra med strategiske råd på området.

Det er tildelt i alt 3,1 millionar kroner i såkornmidlar til 16 såkornprosjekt i 2017. Oversikt over alle såkornprosjekt ligg på heimesidene til Helse Vest. Mottakarar av såkornmidlar i 2017 fekk tilbod om å delta på Helse Vest si regionale forbetringsutdanning.

Faglege revisjonar
Formålet med å gjennomføre faglege revisjonar er å undersøkje om beste praksis blir følgt innanfor eit område i alle føretaka våre, lære av kvarandre og få råd og rettleiing. Helse Stavanger har det regionale forvaltingsansvaret for gjennomføringa av revisjonane. Det blir hausten 2017 gjennomført to faglege revisjonar; Oppfølging av diabetes for ungdom mellom 14 og 18 år og Behandling av rusmiddelproblem og avhengighet hos barn/unge opptil 18 år.

Brukarerfaringsundersøkingar
Hausten 2017 blir det gjennomført brukarerfaringsundersøkingar innanfor habiliteringstenesta for barn og unge i Helse Vest. Resultata av desse undersøkingane vil bli publiserte på nettsidene til helseføretaka. Alle føretaka har eigne nettsider for publisering av både regionale, lokale og nasjonale brukarerfaringsundersøkingar.

Kvalitetskonferansen 2017
Helse Vest arrangerer kvart år ein Kvalitetskonferanse. Dette er ein viktig møteplass for alle dei som arbeider med pasienttryggleik og kvalitetsforbetring i Helse Vest. I 2017 blei Kvalitetskonferansen arrangert i Førde. Det var 250 deltakarar på konferansen. Under konferansen blei Christian Moltu tildelt Helse Vest sin Kvalitetspris for 2017 for arbeidet med å utvikle og implementere The Norwegian Outcome Response System for Evaluation (NORSE). NORSE er eit er eit aktivt lærande elektronisk sjølvrapporteringssystem der pasientar melder frå om korleis dei har det over ei rekke dimensjonar av psykisk helse. Behandlar og pasient får tilgang på avansert informasjon om mønster i pasienten sin tilstand. Dette støttar val i behandlingsprosessar.