Positive til sjukehusjournal på nett

I mai i fjor opna Helse Vest opp for at pasientar kunne logge seg inn på helsenorge.no (eller vestlandspasienten.no) og sjå utvalde journalnotat på nett. No viser ei undersøking at brukarane er svært nøgde med å få betre innsikt i eiga helse og behandling.

Foto. Dame ved pc.
 

​Brukartilfredsheita er kartlagd av Northern Research Institute (NORUT), og resultata er gode. Dei aller fleste av dei spurde (92,7 %) synest tenesta fungerer tilfredsstillande, og at den både gir auka oversikt (92,6 %), skapar tryggheit (89,7 %) og sørger for at ein kan førebu seg betre til timen sin på sjukehuset (87,4 %).

Ikkje alltid lett å huske det som blir sagt

Arvid Haukås frå Bergen er ein av dei som nytter seg av moglegheita til å lese journalen sin på nett. Etter to rundar med kreft og to rundar med hofteoperasjonar, har han mykje kompetanse på det å vere pasient.

– Det er ikkje alltid like lett å få med seg alt som blir sagt på ein konsultasjon. Under ein av stråleperiodane mine i 2012, var eg på konsultasjon med ein lege, som ikkje snakka så godt norsk. Eg skjønte ikkje alt ho sa og ho skjønte ikkje alltid kva eg spurde om. Etter konsultasjonen lurte eg fælt på om vi hadde forstått kvarandre i det heile tatt. Tenk om eg hadde hatt enkel tilgang til pasientjournalen min på den tida, da kunne eg bare logga meg inn og sjekka. Eg hadde ikkje trengt å uroe meg så frykteleg, seier Haukås, som no heldigvis er frisk og rask.

Foto. Arvid Haukås
Arvid Haukås. Foto: privat.

Undersøkinga støtter opp om det Haukås seier. Dei aller fleste seier at dei bruker informasjonen dei finn i journalen til å følgje med på behandlinga (87,9 %) og til å slå opp informasjon dei har fått frå behandlar (88,3 %), og mange av kommentarane folk har lagt igjen i fritekstfeltet går på nettopp dette:

– Oversiktleg og oppklarande om ein glemmer kva som vart sagt under konsultasjon
– Eg kan få avklart misforståingar raskt
– Innsikt i eiga helse gir tryggheit
– Det har blitt mykje enklare å følgje med på alt som angår eigen helse

Auka innsikt gir tryggheit

Mange var bekymra for kva det ville gjere med pasientar om dei fekk lese om alvorlege diagnosar og mistankar på nett. Ville det ikkje føre til mykje unødig uro hos pasientane?

–Nei, seier Arvid Haukås. Uroa er der allereie. Min erfaring er at meir innsikt heller gir ro.

Dette meiner også fleirtalet av brukarane av Min pasientjournal som har svart på undersøkinga. Berre 3,3 % seier dei er blitt urolige over informasjon dei har fått gjennom «Min pasientjournal», og over halvparten av alle spurde seier dei opplever auka tryggheit etter å ha fått tilgang til journaldokument på nett.

Ønskjer meir

Det er ganske mange i undersøkinga som seier dei trudde dei skulle få tilgang til fleire dokument (66.8 %). Mange saknar prøvesvar, og mange kunne ønskje tenesta vart utvida til også å gjelde fastlege og andre behandlingsinstitusjonar, noko ein del av kommentarane også ber preg av:

– Alle dokumenter bør vere tilgjengelege. Også negative prøvesvar.
– Saknar journal frå fastlege, samt prøveresultat.

Prosjektleiar for Min pasientjournal i Helse Vest, Ole Jørgen Kirkeluten, bekreftar at det blir jobba med dette.

– Både talet på journaldokument som blir tilgjengelege på nett, og talet på institusjonar som opnar opp for journal på nett, vil auke i tida som kjem, men akkurat kor fort dette vil gå er vanskeleg å seie. Det handlar om ressursar, seier Kirkeluten.

Kven er brukaren?

Den generelle tendensen er at alle aldersgrupper les journalen sin på nett, sjølv om hovudtyngda ligg i aldersgruppa 25-54 år (78 %). Blant pasientar over 65 år er det færre som brukar tenesta enn kva som er pasientgrunnlaget. Dette skuldast nok tilgang til teknologi og teknologimodenheit for denne gruppa.

Med sine 61 år er Arvid Haukås altså litt over gjennomsnittsalder for brukarane av Min pasientjournal, men han er ikkje i tvil om nytta.
–Min pasientjournal er berre ei av tenestene på helsenorge.no/vestlandspasienten.no eg brukar jamleg. Eg har også hatt god nytte av å kunne følgje med på timane og tilvisingane mine på nettet. Når du er mykje inn og ut av sjukehuset, blir det viktig å ha kontroll, og helsenorge.no/vestlandspasienten.no har hjelpe meg med å halde meg oppdatert til ein kvar tid. Ein blir ikkje fortare frisk, men det blir ein ting mindre å uroe seg over.

Her kan du logge inn på helsenorge.no og sjå eigne journaldokument på nett. (Gjeld berre om du har vært på sjukehuset etter 1. mars 2016 (somatikk) og 12. september 2016 (rus og psykisk helsevern)).