Reidar Sandal nytt styremedlem i Helse Førde

I føretaksmøte 3. oktober 2017 er Reidar Sandal oppnemnd som nytt styremedlem i Helse Førde.

Reidar Sanddal portrett. Foto.
 

Sandal er frå Vågsøy og bur i Florø. Han er utdanna lektor og har vore stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Sogn og Fjordane i fleire periodar. Her leia han òg finanskomiteen i 2006–09. I 1995-97 var han kyrkje-, utdannings- og forskingsminister.

Sandal har erfaring frå ei lang rekkje styreverv. Dei siste åra har han mellom anna vore styreleiar i Fjord 1 (2012-2015) og Allkunne (2012-2014), Sunnfjord Næringsutvikling (2010-2015), Innovasjon Noreg (2010-2014) og Kystvegen Måløy – Florø (2016-). Frå 2010 har han leia representantskapet i Noregs Bank.

Kontaktinfo for pressa:

  • Terje Vareberg, styreleiar Helse Vest RHF tlf.: 911 00 448
  • Reidar Sandal, styremedlem Helse Førde HF tlf.: 91628387