Set miljø høgt på agendaen

Med ny miljøpolitikk går Helse Vest frå å vere ei kontorbedrift som gjer eigne miljøtiltak, til å ta på seg eit leiaransvar innanfor miljø og klima for alle sjukehusa på Vestlandet.

Foto. legemiddel som kastes.
 

​I den nye miljøpolitikken, som blei vedteken i styremøtet 10. november, er det lagt vekt på at miljøleiingssystemet i Helse Vest RHF ikkje berre skal omfatte den aktiviteten som skjer på hovudkontoret til Helse Vest på Forus, men skal også omfatte dei oppgåvene som blir utførte av alle sjukehusa i regionen, i tillegg til all aktivitet i dei regionale prosjekta og programma, som Helse Vest sett i gong.

– Eit av dei første tiltaka vil derfor vere at alle prosjekt og program må vurdere sin påverknad på klima og miljø, såkalla miljørisiko, før dei startar opp. I tillegg må det på plass  felles rutinar for å vurdere miljørisiko undervegs i prosjekta, seier Linda Eide, miljøkoordinator i Helse Vest.

Gode resultat

Helse Vest RHF blei første gong sertifisert etter ISO 14001-standarden hausten 2014 og har sidan den gongen vore underlagt årlege periodiske revisjonar. Den gongen blei det regionale helseføretaket sertifisert som kontorbedrift og miljømåla som blei vedtekne, og som har vore gjeldande fram til no, gjekk ut på å sikre ei mest mogleg miljøvennleg drift av eigen organisasjon:

  • Redusere flyreiser og dermed utslipp av CO2
  • Redusere kopipapir
  • Redusere energiforbruket

Resultata har vore gode, og alle tre områda har vist vesentleg reduksjon.

Foto. Linda Eide
Miljøleiing inn i strategien

I 2015 kom det ei ny utgåve av standarden (ISO 14001:2015), og Helse Vest RHF blei sertifisert etter denne i november 2017.

– Den nye standarden stiller auka krav til øvste leiar og leiargruppa sitt engasjement på miljøområdet. Det betyr blant anna at miljøleiing må inn som ein integrert del av verksemda, seier Eide.


Nye miljømål

Dei nye miljømåla for 2018, tek innover seg det auka fokuset på rolla som eigar og leiar:

Mål 1: Miljøbevisste medarbeidarar - Informasjon og opplæring av alle tilsette
Mål 2: Stille miljøkrav ved igangsetting av alle nye prosjekt
Mål 3: Leggje forholda til rette og setje krav overfor helseføretaka i regionen om at dei skal vere miljøsertifiserte og at helseføretaka skal kunne vise ei kontinuerleg forbetring i miljøprestasjon.

Miljøpolitikken i Helse Vest RHF

Helse Vest RHF skal vere miljøleiande innanfor rolla som eigar av helseføretak.

Ved å ha miljøbevisste medarbeidarar skal Helse Vest RHF gå føre som eit godt døme for å redusere negativ miljøpåverknad av dei oppgåvene som spesialisthelsetenesta utfører.

Det skal vere merksemd i heile organisasjonen på kontinuerlig forbetring i miljøprestasjon innanfor alle aktivitetar som Helse Vest utfører og initierer som eigar av helseføretak.

Helse Vest RHF skal gjennom sin rolle fokusere på at miljøomsyn blir ivareteke i alle prosjekt som blir utvikla og sett i gong i helseregionen.