Skal samarbeide om tariffavtalane til sjukehuslegane

I tida fram mot hovudoppgjeret i 2018 vil dei regionale helseføretaka (RHF-a) setje i gang to prosjekt som blant anna skal sjå på tariffavtalane til sjukehuslegane. Legeforeningen deltek i arbeidet.

Foto. Operasjonsstove
 

– Det er behov for å vidareutvikle tariffavtalane vi har for sykehuslegane. Sentrale delar har i stor grad vore uendra sidan 2002, seier adm.dir Stig Slørdahl i Helse Midt-Norge RHF. – Det er positivt at vi no set oss ned ved same bord for å finne gode løysingar framover for begge partar, seier adm.dir. Cathrine M. Lofthus i Helse Sør-Øst RHF.

– Spekter ser fram til ein konstruktiv prosess framover, og er nøgd med at desse prosjekta kjem i gang, seier adm.dir. Anne-Kari Bratten i Arbeidsgiverforeningen Spekter.

To prosjekt

Prosjekt 1 skal kartleggje eksisterande tenesteplanar ved alle helseføretak og vurdere om det er mogleg at legar kan arbeide innanfor arbeidsmiljølova. Prosjekt 2 er eit utviklingsprosjekt som blant anna skal sjå nærmare på moglege endringar i lønnssystema til legane.

– I ein krevjande og konfliktfylt situasjon er det interessant for alle å ha ein konstruktiv dialog. Målet vårt er å sikre løysingar som gir medlemmane våre i sjukehusa ein trygg og føreseieleg arbeidskvardag, seier presidenten i Legeforeningen, Marit Hermansen.

Legeforeningen, RHF-direktørane og arbeidsgiverforeningen Spekter vil i fellesskap utgjere styringsgruppe for prosjekta.

I prosjekt 1, som skal leiast av direktør ved Akershus universitetssykehus, Øystein Mæland, vil Legeforeningen delta som observatør. Det vil like fullt vere mogleg for dei føretakstillitsvalde i Legeforeningen å komme med innspill til oppsummeringa på sitt helseføretak. I prosjekt 2, som skal leiast av i direktør i Helse Fonna, Olav Klausen, vil Legeforeningen delta aktivt med representantar i prosjektgruppa.
 
Arbeidet med prosjekta skal setjast i gang no. Prosjekt 1 skal levere sin rapport 31. desember 2017. Prosjekt 2 vil ta noko lengre tid og leverer sin rapport 31. desember 2018.

Kontaktperson i Helse Vest RHF

Hilde Christiansen, direktør medarbeidar, organisasjon og teknologi
Mobil 415 33 809