Skal sjå pasienttryggleik og HMS i samanheng

Ny medarbeidarundersøking

Korleis er arbeidsmiljøet på sjukehuset? Er det rom for å seie i frå om kritikkverdige forhold? Korleis er leiarskapen? No skal medarbeidarane sine svar på denne type spørsmål nyttast til å gjere sjukehusa endå betre.

eldre mann og behandler
 

I februar 2018 vil alle medarbeidarar i Helse Vest få muligheit til å svare på medarbeidarundersøkinga ForBedring. Undersøkinga kartlegg ulike sider ved arbeidsmiljø, pasienttryggleikskultur og HMS (helse, miljø, sikkerhet), som kan ha samanheng med risiko for uønskte hendingar, eller verke negativt på tenesta si kvalitet og medarbeidarane si helse og engasjement.

- Vi veit at arbeidsmiljø, pasienttryggleik og HMS heng saman og påverkar kvarandre. Den nye undersøkinga skal hjelpe oss til å sjå desse tre områda samla, seier Hilde Britt Christiansen, direktør medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest RHF.

Undersøkinga skal gjerast ein gong i året og erstattar dei tre tidlegare undersøkingane; medarbeidarundersøkinga,  pasienttryggleikskulturundersøkinga og HMS-kartlegginga.

Nasjonalt arbeid

Spørsmåla i undersøkinga er delt inn i tema som engasjement, samarbeidsklima, arbeidsforhold, tryggleiksklima, leiaråtferd, fysisk miljø og oppfølging.

- Undersøkinga er laga for å avdekkje utfordringar, føre til lokalt forbetringsarbeid og bidra til at sjukehusa utviklar seg i rett retning, til beste for både pasientar og medarbeidarar, seier Synnøve Serigstad, leiar av pasienttryggleiksprogrammet i Helse Vest.

ForBedring er eit resultat av eit nasjonalt samarbeid mellom helseregionane, pasientsikkerhetsprogrammet, samt Helsedirektoratet og Helse- og omsorgsdepartementet. I fjor blei undersøkinga testa ut på fleire einingar i Helse Førde, Sykehuset Telemark, Oslo universitetssykehus og St Olavs Hospital.

Oppfølging nødvendig for forbetring

Resultata frå undersøkinga vil gi leiarar og medarbeidarar eit godt grunnlag for å arbeide systematisk med å utvikle eit godt arbeidsmiljø og ein god pasienttryggleiksskultur. God oppfølging av resultata frå undersøkinga er heilt sentralt for å få til forbetring og utvikling.

- For å få eit godt bilete av tryggleikskulturen i føretaksgruppa er det viktig at alle svarer på undersøkinga. Vi har ein ambisjon om at minst 70 prosent svarar på undersøkinga. Det er viktig å engasjere seg for å kunne bidra til utvikling der du jobbar, seier Christiansen.

Kvart helseføretak eig sine eigne lokale rapportar frå kartlegginga. Dei har ansvar for å organisere arbeidet lokalt og skal sørgje for god involvering av vernetenesta og dei tillitsvalde. Dei er òg ansvarlege for å følgje opp resultata med skriftleg handlingsplan og konkrete tiltak der det er behov.