Stadig fleire bruker helsetenester på nett

I går vart e-helsebarometeret for 2017 presentert. Det viser ein auke i bruken av e-helsetenester i Noreg, og at mange er nøgde, mens nokon fortsatt er litt usikre.

Foto. Gutt med Ipad
 

​E-helsebarometeret er ei stor undersøking av nordmenns vanar og tankar rundt det å bruke digitale helsetenester. Undersøkinga er utført av Opinion på oppdrag for Dips ASA. Over 2000 nordmenn, og 200 legar og helsepersonell deltok i undersøkinga.

Flest vestlendingar har logga inn på helsenorge.no

Undersøkinga viser at stadig fleire nytter seg av digitale tenester i samband med konsultasjon eller behandling på sjukehus eller hos fastlegen, og at kjennskapen til tenestene aukar. I Helse Vest oppgjer 76 % av dei spurde at dei har logga inn på helsenorge.no. Det er høgast prosent i landet. Det er fleire kvinner enn menn som loggar på helsenorge.no, og det er dei over 50 år som er i overtal.

På landsbasis er det flest som oppgjer å bruke helsenorge.no til å bestille time hos fastlegen (42 %) eller bytte fastlege (40 %).

Tryggare pasientar med journal på nett

I 2016 opna nokre av helseføretaka for at pasientane fekk elektronisk tilgang til sin sjukehusjournal. Åtte av ti nordmenn er positive til dette, og i Norsk e-helsebarometer svarer éin av tre pasientar, som har lese sin eigen journal på nett, at dei følte seg tryggare og meir involvert i behandlinga etterpå.

Dei spurde oppgjer moglegheita til å kunne lese behandlaren sin vurdering, som den nyttigaste effekten av pasientjournal på nett.

Uro for at informasjon kjem på avvegen

Likevel er det fortsatt bekymring for at informasjon skal komme på avvegen. 61 % av dei spurde oppgjer å vere uroa over at uvedkommande skal få tilgang til sensitiv informasjon om dei. Blant helsepersonnell er det også uro knyta til pasientjournal på nett, men den største uroa (66 %) går ut på at det kan vere vanskeleg for pasienten å forstå det som står i journalen. Dette er ikkje pasientane sjølv så bekymra for (33 %).

Les meir om e-helsebarometeret 2017

Logg inn på Min helse på helsenorge.no, og sjå kva slags tenester du har tilgang til.