Strategi mot 2035 på høyring

Sjukehusa på Vestlandet har store utfordringar framfor seg og må finne mange nye måtar å arbeide på i framtida. I går sendte styret i Helse Vest den nye strategien på høyring.

Mann og kvinne, grønn bakgrunn. Temafoto for Helse 2035.
 

Strategien er tydeleg på utfordringa knytt til at vi har avgrensa ressursar - både økonomiske og menneskelege - samtidig som behovet for behandling i befolkninga og behandlingsmoglegheitene veks. Tydelege prioriteringar mellom behov, moglegheiter og tilgjengelege ressursar må til for å sikre ei berekraftig utvikling.

Ambisiøs strategi

Strategien er ambisiøs, og legg opp til store endringar i korleis Helse Vest skal yte helsetenester og ivareta samfunnsansvaret i åra som kjem. Betre samhandling, innovasjon og bruk av ny teknologi er viktige svar.

Helse, meistring og livskvalitet Strategien beskriv på eit overordna plan korleis vi skal utvikle spesialisthelsetenestene på Vestlandet fram mot 2035. Den nye visjonen er «Å fremje helse, meistring og livskvalitet».

Måla for strategien er:

  • Trygge og nære helsetenester
  • God samhandling og effektiv ressursbruk i heile pasientforløpet
  • Aktiv pasientdeltaking og heilskapleg behandling
  • Ein framtidsretta og innovativ kompetanseorganisasjon

Dei viktigaste endringane

I strategien er det lagt særleg vekt på dei områda som er omfatta av dei viktigaste endringane framover. Den er derfor bygd opp rundt utvalde tema:

  • Kvalitet og pasienttryggleik
  • Kommunikasjon og prioritering
  • Pasientar med fleire sjukdommar
  • Standardiserte pasientforløp
  • Eit einskapleg helsevesen
  • Strategisk samspel med dei private
  • Auka verdiskaping
  • Spesialisthelsetenester utanfor sjukehus
  • Forsking, innovasjon og teknologi
  • Våre medarbeidarar Leiarskap Struktur og organisering

Fire hovudoverskrifter

Temaa er strukturert under dei fire hovudoverskriftene Pasienten si helseteneste; Eitt helsevesen; Utvikling av helsetenestene og Medarbeidaren, leiing og organisasjon.

Grundig prosess

Det er gjennomført ein lang og grundig prosess for å hente inn flest mogleg relevante innspel og forankre strategiarbeidet både i eigen organisasjon, hos brukarane og hos eksterne aktørar.

Høyringsfristen er sett til 10. april. Endeleg styrebehandling av strategien er planlagt 11. mai.

Meir om strategiarbeidet