Styreendringar i Stavanger og Førde

To nye medlemmer kjem i dag inn i styret Helse Stavanger og eitt nytt i Helse Førde-styret.

Styret i Helse Stavanger sitter i salen og hører på styreleder Cathrine Bryme. Foto.
Foto: Svein Lunde, Helse Stavanger

I Helse Stavanger er Nina Langeland frå Bergen vald som nytt styremedlem. Ho er avtroppande dekan frå det medisinsk-odontologiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Tidlegare rådmann i Stavanger kommune, Ole Hetland, går også inn som styremedlem i Helse Stavanger. Aslaug Mikkelsen og Jan Friestad går ut av styret i Helse Stavanger.

I Helse Førde blir Agnes Landstad i dag formelt vald som ny styreleiar. Ho har fungert som styreleiar sidan Jorunn Ringstad trakk seg i haust. Atle Hamar som allereie har fartstid som styremedlem, blir ny nestleiar i Helse Førde-styret.

Aud Ingrid Espeland frå Flekke i Sogn og Fjordane er vald inn i Helse Førde-styret. Ho er dagleg leiar i Fjord Invest og utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole. Blant dei tillitsvalde går Geir Børge Øverland og Berit Hornnes ut, Hans Jacob Westbye og Arthur Henning Norevik kjem inn.

Frå 1. mars er det også endringar i representantane til Helse Førde-styret som er valde av og blant dei tilsette.

Dei nye styra blir då sjåande slik ut:

Helse Stavanger:

  • Stener Kvinnsland, styreleiar
  • Grethe Høiland, nestleiar

Styremedlemmer

  • John Peter Hernes
  • Ole Hetland (ny)
  • Nina Langeland (ny)
  • Unn Therese Omdal
  • Ivar Eriksen
  • Lars Kåre Kleppe (vald av dei tilsette)
  • Egil Olsen (vald av dei tilsette)
  • Aud H. Riise Lars Kåre Kleppe (vald av dei tilsette)
  • Mette Øfstegaard (vald av dei tilsette)

Helse Førde:

  • Agnes Landstad, styreleiar
  • Atle Hamar, nestleiar

Styremedlemmer:

  • Aud Ingrid Espeland
  • Harry Mowatt
  • Liv Stave
  • Helge Bryne
  • Randi Aven (vald av dei tilsette)
  • Wenche Kristin Røkenes (vald av dei tilsette)
  • Hans Jacob Westbye (vald av dei tilsette)
  • Arthur Henning Norevik (vald av dei tilsette)