Tildeling av såkornmidlar 2017

16 småskala forbetringsprosjekt får tilsaman 3,1 millionar kroner i såkornmidlar frå Helse Vest i 2017. Prosjekta skal bidra til kvalitetsforbetring og auka pasienttryggleik i sjukehusa.

Illustrasjonsfoto. Helse Bergen

Prosjekta som har fått tilskot frå Helse Vest er fordelte på alle føretaka, samt Haraldsplass Diakonale sjukehus. Formålet er å prøve ut forbetringstiltak i liten skala, før dei eventuelt kan breiddas ut til fleire einingar.

Mange gode søknadar

Helse Vest mottok i år 30 søknadar som var prioriterte frå helseføretaka. Prosjekta er vurdert ut frå kvalitet på søknad, realisme i det å få gjennomført eit kvalitativt godt klinisk forbetringsprosjekt innanfor rammene av eit såkornprosjekt, i tillegg til kriterium for tildeling av såkornmidlar.  Kartleggingar, forskingsprosjekt, midlar til drift og tiltak for å auke kunnskapsnivået blant medarbeidarar er ikkje prioriterte.

Desse prosjekta får støtte i 2017:

Haraldsplass Diakonale sjukehus 

  • Kartlegging av moglegheita for sjølvmedisinering på Haraldsplass Diakonale sykehus.  210 000 kroner i tilskot.
  • Systematisk og tilpassa evaluering av smerter og delir for å betre kvaliteten i behandlinga av eldre pasientar med lårhalsbrot. 210 000 kroner i tilskot.

Helse Fonna

  • Pakkeforløp autisme. Implementering av eit standardisert utredningsforløp for autismespekterforstyrringar hos barn og unge ved BUPene i Helse Fonna. 190 000 kroner i tilskot.
  • Pilotprosjekt for bruk av videobasert kommunikasjon mellom 1. og 2. linjetenesta til direkte pasientkontakt. 200 000 kroner i tilskot.

Helse Bergen

  • Såre vel. Prosjektet skal teste ut ei felles tilvisingsadresse for pasientar med kroniske sår, multidisiplinære team, elektronisk sårjournal og ny prosess rundt kommunikasjon. 175 000 kroner i tilskot.
  • Delirium i sjukehus – eit prosjekt for auka pasienttryggleik. 175 000 kroner i tilskot.
  • FRAM-trening og FRAM-samtale. 150 000 kroner i tilskot.
    F – Førebygging og framskritt
    R – Røykeslutt
    A – Aktivitet
    M – Mat 
  • Forbetra akuttforløp for geriatriske pasientar. 200 000 kroner i tilskot.
  • Samvalsverktøy ved førebuing til fødsel. 200 000 kroner i tilskot.

Helse Stavanger

  • Betre oppfølging og behandling av kroniske sår. 200 000 kroner i tilskot.
  • Førebygging av rusproblem hos unge under 18 år. 170 000 kroner i tilskot.
  • Gruppe for pårørande av nysjuke ved psykiatrisk sengepost. 200 000 kroner i tilskot.
  • Trening som del av hemolysebehandling. 200 000 kroner i tilskot.

Helse Førde

  • «Integrering av erfaringskompetanse i det tverrprofesjonelle teamet». Tilbod til menneske med langvarige ikkje-maligne smerter. 220 000 kroner i tilskot.
  • «Tverrfagleg pasientforløp for pasientar med diabetiske fotsår» 200 000 kroner i tilskot.
  • Standardisert funksjonsvurdering ved utskriving frå sjukehus. 200 000 kroner i tilskot.

Regional forbetringsutdanning

Nytt frå 2017 av er at prosjektleiarar for prosjekt som er tildelte såkornmidlar får tilbod om plass på Helse Vest si forbetringssutdanning i forbetringsmetodikk.

Etter å ha gjennomført utdanninga skal ein kunne sette i verk, gjennomføre og leie kliniske forbetringsprosjekt, som gir varig betring av tenestene, til det beste for pasientar og pårørande.

Les meir om den regional forbetringsutdanninga
Les meir om såkornmidlane og kriterium for tildeling