Utlysing av forskingsmidlar i Helse Vest for 2018

Helse Vest sine forskingsmidlar skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka i regionen. Fristen for å søkje midlane er 15. september 2017.

Helsepersonell tar blodprøve på armen til pasient. Foto.
Foto: Kjetil Alsvik

Forskingsmidlane skal vere eit insentiv og økonomisk bidrag til å få meir forsking av god kvalitet, og for å byggje forskingskompetanse gjennom tildeling av doktorgrads- og postdoktorstipend.

Det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet som vedtek fordelinga av forskingsmidlane, oppmodar til samarbeid i regionen om forskingsprosjekt det blir søkt midlar til.

Kven kan søkje forskingsmidlar?

Formål og kriterium beskriv kven som kan søkje Helse Vest sine forskingsmidlar. På forskingssidene får du meir informasjon om kven som kan søkje, inkludert tilgang til forankringsskjemaet som skal nyttast ved søknadsprosessen for midlar for 2018.

Søknadsfrist: 15. september 2017

Les alt om utlysinga og kriterium for å søkje