Vedtak for utviklinga av Odda sjukehus

Styret i Helse Vest vedtok i dag rammene for utviklinga av Odda sjukehus. Rammene inneber utvikling av sjukehus i nettverk, forbetring av samarbeidet med kommunane, styrking av polikliniske og dagkirurgiske tenester, stadleg leiing og teknologiske løysingar. Som ein del av planen vedtok styret å avvikle det akuttkirurgiske tilbodet ved sjukehuset.

Odda sjukehus. Foto.
 

– Engasjementet for sjukehuset er stort, debatten om akuttkirurgi har gått høgt og vi har lest og lytta til alle innspel. Vi er opptekne av at befolkninga også framover skal ha trygge og gode tenester. Sjukehuset i Odda skal framleis vere eit akuttsjukehus og elles utviklast på fleire område, seier Terje Vareberg, styreleiar i Helse Vest RHF.

– Eg forstår det kan oppfattast som vanskeleg når ein gjer eit vedtak om å avvikle akuttkirurgien, men vi har eit godt fagleg grunnlag for avgjersla. Helse Fonna vil også utarbeide ein plan som skal leggjast fram for styret i Helse Vest før endringar blitt iverksette.

Styreleiaren oppmoda i møtet både dyktige medarbeidarar, kommunane og befolkninga i området om å arbeide for å styrkje dei tenestene pasientane treng mest og nærmast:

– Ein føresetnad for etablering av nye – og utviding av eksisterande polikliniske tilbod ved Odda sjukehus – er at fastlegane og befolkninga i sjukehuset sitt opptaksområde faktisk nyttar tilboda.

Vedtaket i styret i Helse Vest blei gjort med sju mot to stemmer, og var i seks punkt:

  1. Odda sjukehus skal tilby spesialisthelsetenester som er framtidsretta, trygge og med god kvalitet, og som innbyggjarane treng ofte, mykje og nært.
  2. Styret i Helse Vest ber Helse Fonna om å realisere tilrådingane i punkt 1-7 i rapporten frå prosjektet Odda sjukehus i lys av føringane i Nasjonal helse- og sjukehusplan (2016-2019). Det inneber mellom anna at sjukehusa i føretaket skal fungere saman i eit forpliktande nettverk/teamarbeid, at det blir lagt til rette for felles venteliste i heile føretaket og at det polikliniske tilbodet blir utvida.
  3. Styret i Helse Vest legg til grunn at Odda sjukehus blir vidareført som akuttsjukehus med akuttfunksjon i indremedisin, radiologiske tenester, laboratorietenester, planlagd kirurgi, anestesilege i døgnvakt og skadepoliklinikk.
  4. Styret i Helse Vest sluttar seg til at akuttkirurgisk verksemd ved Odda sjukehus blir avvikla. Avviklinga blir gjennomført etter at Helse Fonna har planlagd implementering av endringane.
  5. Styret i Helse Vest ber Helse Fonna om å leggje vedtakspunkt 1-4 over, til grunn som føresetnader i arbeidet med utviklingsplan for helseføretaket.
  6. Styret i Helse Vest ber om statusrapport for oppfølginga etter eitt år.

Les styresakaLes rapporten Odda sjukehus i lysa av føringane frå Nasjonal helse- og sjukehusplanTidlegare nyheitssak om Odda sjukehus