Vel møtt til framtidas sjukehus!

Nye teknologiske løysingar skal gjere det betre å vere pasient på sjukehusa i Helse Vest i framtida. Samstundes skal det frigjere tid for medarbeidarane våre, slik at dei kan bruke mindre tid på administrasjon og meir tid på pasientane.

Illustrasjon. Behandlere foran en tavle
Ved hjelp av elektroniske tavler har behandlarar og andre alltid oppdatert informajson om pasientane. Foto: Region Sjælland, Danmark.

​Du har sikkert høyrt det før. Framtidsbiletet som fortel om ei aldrande befolkning, auka etterspørsel etter helsetenester, færre sjukehustilsette per pasient og mindre pengar å rutte med. Det er dette framtidsbiletet vi har føre oss når vi legg planar for framtida til sjukehusa i Helse Vest. Vi skal halde fram å tilby gode og trygge helsetenester. Vi må få meir ut av ressursane vi har. Og vi må leggje til rette for at medarbeidarane våre kan drive pasientbehandling på den beste måten.

Kva er utfordringa?

La oss seie at det kjem ein pasient til akuttmottaket med eit alvorleg lårhalsbrot. Pasienten blir vurdert og registrert, og så starter ei reise gjennom sjukehuset, kor pasienten skal gjennom ulike undersøkingar og behandlingar, før han kan skrivast ut. I dag bruker dei tilsette mykje ressursar på å informere andre om kor pasienten er til ei kvar tid, i tillegg til å førebu dei som skal stå klare til å ta imot pasienten på neste etappe av reisa.

– Mange manuelle, enkeltståande rutinar fører til ineffektivitet, dobbeltarbeid, bomturar, forseinkingar og kanselleringar. Det er telefonoppringingar rundt status på oppdrag, bestillingar, lokasjonar, ressursar osv. Alt blir registrert i eigne system, men systema snakkar ikkje saman. Ein kan spare utruleg mykje tid og ressursar på å effektivisere denne flyten, seier Michael Fjeldstad, prosjektleiar for Pasientflyt og ressursar på Haraldsplass diakonale sjukehus.

Her er løysinga

Haraldsplass diakonale sjukehus blir dei første i Helse Vest til å ta i bruk ny teknologi som får alle dei nemnde systema til å snakke saman. Det betyr at når pasienten kjem inn til akuttmottaket og blir registrert, går det automatisk melding til alle aktuelle instansar. Operasjonsbord blir klargjort, portør blir varsla, rom blir klargjort og personell førebudd, utan at nokon treng å gjere noko manuelt for å varsle. Og dette held fram under heile opphaldet. Skal pasienten faste, får kjøkkenet beskjed, og veit dermed at han ikkje skal ha mat. Blir heimreisa utsett, får portør og reinhald automatisk beskjed, så dei slepp bomtur, og drosja blir avbestilt. Skal pasienten ha fysioterapi, går det bestilling til fysioterapeut, og blir tilstanden til pasienten forverra, så fysioterapien må utsetjast, blir fysioterapeut automatisk varsla, og kan bruke tida si på andre pasientar i staden.

Dei tilsette i sjukehusa vil også ha betre moglegheit til å få tak i kvarandre. Dei blir utstyrt med smarttelefonar, og kan enkelt ringe kvarandre opp om dei treng kontakt. På kvar sengepost er det ei elektronisk tavle som visar kven som har ansvaret for pasientane, og deira telefonnr.

Og pasienten sjølv. Ho blei utstyrt med nettbrett då ho kom på avdelinga, og får også dei same beskjedane, så ho er fullstendig klar over alt som skal skje, og til kva tid. Ho kan også bruke nettbrettet til å velje kva ho vil ha til middag, kor stor porsjon ho vil ha, og ho kan kommunisere elektronisk med personalet.

Foto. Pasient i sent med nettbrett.
Foto: Colourbox

– Dette systemet gir oss ein mykje betre oversikt, reduserer dobbeltarbeid,  betrar kommunikasjons- og informasjonsflyten mellom yrkesgruppene og gjer prosessane i poliklinikk, dagkirurgi, operasjon og sengepost mykje meir effektive og straumlinjeforma, seier Fjeldstad.

Pasientflyt og ressursar er eitt av prosjekta som vil bidra til å realisere framtidas sjukehus. Prosjektet starta opp hausten 2017, og skal vare i fleire år.

Spørsmål om prosjektet Pasientflyt og ressursar kan foreløpig rettast Malene Torsvik, Haraldsplass Diakonale sjukehus.

Vel møtt - avatalar inngått med leverandørar