Anlaug Vatne heidra med årets forbetringspris

Årets forbetringspris i helse- og omsorgstenesta er tildelt Anlaug Vatne ved Stavanger universitetssjukehus for sin innsats med å redusere unødvendig bruk av antibiotika til nyfødde barn.

Nyfødd baby gjespar. Foto.
 

Helse- og omsorgsminister Bent Høie delte på Pasientsikkerheitskonferansen ut forbetringsprisen 2018 til overlege Anlaug Vatne på nyføddintensiv avdeling ved Barne-og ungdomsklinikken ved Stavanger universitetssjukehus.

Forbetringsprisen blir delt ut årleg av pasienttryggleiksprogrammet I trygge hender 24-7 til enkeltpersonar eller team i helsevesenet som har utmerkt seg innanfor kvalitetsforbetring, pasienttryggleik og/eller arbeidsmiljø.

Viktig kulturendring

Anlaug Vatne har kombinert forbetringsarbeid med overbehandling av pasientar og redusert bruken av antibiotika til nyfødde utan infeksjon. Avdelinga har redusert bruk av antibiotika til nyfødde barn født til termin med 70 prosent. Mens 1,4 prosent av dei nyfødde tidlegare fekk antibiotika unødvendig, er talet nå redusert til 0,4 prosent.

Prisvinnar Anlaug Watne saman med mamma og baby. Foto.

Fobetringsprisvinnar, Anlaug Watne, saman med mor og barn.

Juryen seier at mange nyføddavdelingar vil vere på den heilt sikre sida, og gi antibiotika så snart når dei ser teikn til infeksjon. Denne kulturen gjer at nyfødde som viser seg ikkje å ha infeksjon, får unødig antibiotika.

Prisvinnaren har innført eit observasjonsskjema med timeobservasjonar av alle terminbarn som er innlagde på nyføddintensiven med mistanke om infeksjon. Hun har også arbeidd med simulering, internundervisning og kulturendring i avdelinga.

– Nyføddmedisin har ikkje fått så mye merksemd nasjonalt, og det er store forskjellar mellom helseføretaka. Å kjempe mot overforbruk av antibiotika er eit nasjonalt, politisk satsingsområde. Det er derfor spesielt gledeleg å dele ut årets pris nettopp innanfor nyføddmedisin og antibiotikabruk, seier Anne-Grete Skjellanger, jurymedlem og leiar av pasienttryggleiksprogrammet I trygge hender 24-7.

Takknemleg prisvinnar

Prisvinnaren sjølv stolt over tildelinga:

– Eg er svært takknemleg for at vi har fått forbetringsprisen! Vi har klart å redusere bruken av antibiotika til ei sårbar gruppe. Dette kan få store konsekvensar, både for kvar enkelt pasient og i eit samfunnsperspektiv med tanke på multiresistente bakteriar, seier Vatne.

Ho legg til at prisen er en erkjenning av innsatsen som er lagd ned ved Stavanger universitetssjukehus, der ein no begynner å sjå resultat av det systematiske arbeidet gjennom fleire år.

– Eg er stolt og glad av å kunne fortelje pasientar og pårørande at vi arbeider kontinuerleg med å auke kvaliteten på behandlinga dei blir tilbodne. Det handlar om å byggje tillit og tryggleik hos pasientane og å vise respekt overfor pasientane våre, seier forbetringsprisvinnar Anlaug Vatne.

Medarbeidarar ved nyføddavdelinga ved Stavanger universitetssjukehus. Foto.

Anlaug Watne heilt til høgre på biletet, saman med to nyfødde og medarbeidarar ved nyføddintensiven ved Stavanger universitetssjukehus.

Tøff konkurranse

Det var mange godt grunngjevne nomineringar av prosjekt med svært gode og dokumenterte resultat. Skjellanger meiner at kvaliteten på dei 21 nominasjonane i år viser at pasientsikkerheits- og forbetringsarbeidet har slått rot og verkar.

Les meir på helse-stavanger.no