Betre behandling med digital tavle

Under ein studietur til Nederland oppdaga Karianne Borgen og teamet hennar noko som kunne gjere kvardagen enklare, betre og meir effektiv for både brukarar og tilsette. Dei adopterte ein arbeidsmetodikk som har namnet FACT, og jobbar no for å gjere babyen norsk.

Omriss i kvinne i forkant, sitter i et møterom og ser på skjerm på veggen. Foto.
FACT-tavla skal bli sjåande meir moderne ut enn dette, om Karianne Borgen får det som ho vil. Så mykje potensial ligg i arbeidsmetodikken knytt til tavla at Helse Vest har valt å gje støtte til digitalisering av FACT-tavla, som eit av fleire spennande inn

FACT står for Flexible Assertive Community Treatment og kan omsetjast til fleksibelt aktivt oppsøkjande behandlingsteam. Eit FACT-team gir støtte og koordinering av tenester til personar med alvorlege psykiske lidingar.

FACT er ein brei biopsykososial modell som sørgjer for meistring av sjukdom og symptom, rettleiing og praktisk bistand i dagleglivet, reduserer innleggingar på sjukehus og stimulerer til inkludering, slik at pasientane tek del i samfunnslivet.

– FACT er ein arbeidsmetodikk som let oss jobbe meir saman og tverrfagleg enn vi har gjort tidligare.

Karianne Borgen
 

– FACT er ein arbeidsmetodikk som let oss jobbe meir saman og tverrfagleg enn vi har gjort tidligare. FACT-tavla er verktøyet teamet nyttar for kontinuerleg å monitorere innsatsen til teamet, ut ifrå det behandlingsbehovet pasienten har. Akkurat no er FACT-tavlen i praksis eit Excel-ark, eller ei tavle, som koordinerer ressursinnsats ut ifrå pasientens helsetilstand og behandlingsbehov.

Eit verktøy som gir oss betre oversikt over arbeidet og som gir pasientane behandling tilpassa kvar enkelt, seier Karianne Borgen, som har arbeidd i Oppsøkende Behandlingsteam Stavanger i 12 år. No er ho rådgivar i avdeling for rus og avhengighetsbehandling, og prosjektleiar for ”Digital FACT-tavle”, som igjen er ein del av innovasjonsarbeidet i Helse Vest.

Før FACT var tilbodet til menneske med store, samansette utfordringar, som alvorleg psykisk sjukdom eller rusproblematikk, ofte fragmenterte og lite koordinerte. Kvar enkelt behandlar hadde ansvaret for oppfølging og behandling av eit visst tal pasientar, der fagkompetanse ikkje nødvendigvis samsvarte med behandlingsbehovet.

Med FACT er behandlingane sett meir i system og kvaliteten på behandlingane aukar fordi ein involverer rett kompetanse til rett tid.

Karianne Borgen, portrett. Foto.

UTVIKLAR DIGITAL TAVLE: Etter at Helse Stavanger tok i bruk arbeidsmetodikken FACT, er den blitt høgt etterspurd fleire stadar i landet. No utviklar derfor Karianne Borgen, og fleire med henne, ei digital tavle tilpassa norske forhold.

– Kvar behandlar i FACT-teamet har ansvaret for kring ti pasientar. Mellom pasientane finst det to nivå; Ordinær oppfølging frå behandlar, eller intensiv behandling og oppfølging frå det tverrfaglege teamet. Når pasienten hamnar i kategori 2, blir han ført opp på FACT-tavla og intensiv behandling kan setjast i verk.

Teamet er samansett av eksempelvis sjukepleiarar, sosionomar , psykologar, psykiater og brukarspesialist, med god kompetanse på rus – og psykiske lidingar. Når ein behandlar vurderer at vanskebiletet til ein pasient er iferd med å forverrast, blir pasienten plassert på FACT-tavla under det daglege morgonmøtet.

Opp på FACT-tavla

– Eksempel kan vere at ein har mistanke om auka symptom på rusproblematikk, eller at ein pasient er utsett for ei krise, som dødsfall i nær omgangskrins. Då blir pasienten teke opp til vurdering på morgonmøtet og det blir vurdert kva slags fagkompetanse som skal involverast.

Morgonmøte, 7 personar rundt eit møtebord, ser på skjerm. Foto.

MORGONMØTE: Kvar morgon samlest FACT-teamet for å gå gjennom dei ulike pasientane, problemstillingar knytt til dei og kva slags fagkompetanse som skal involverast. Denne systematikken er verdifull for både behandlinga i seg sjølv, for pasientane og for behandlarane.

Ein behandlingsplan blir lagt og behandling og oppfølging blir intensivert med daglege besøk, og nokre gonger fleire besøk til dagen. Desse pasientane blir så vurderte på ny kvar dag og held fram med å vere på tavla til ein ser klar betring og kan gå tilbake til ordinær oppfølging frå primærbehandlar, seier Borgen.

Helsemyndigheitene ønskjer auka satsing på FACT-team i Noreg, og ein rapport skisserer at det er potensial for 83 FACT-team her til lands. Det er derfor stor etterspurnad etter ein norsk, standardisert versjon av FACT-tavla, då det i dag ikkje fins eit slikt felles verktøy.

– Vi har motteke mange førespurnadar frå ulike plassar i landet, som ønskjer å nytte same modell. Det var også slik vi såg behovet for å vidareutvikle FACT-tavla til norske tilhøve. I utgangspunktet er FACT- modellen utvikla for store geografiske område med minimum 40.000-50.000 innbyggjarar over 18 år.

I Noreg er dei geografiske avstandane større og folketalet lågare. Men sjølve tavla og arbeidsflyten ho gir, kan fungere også på mindre stader, sjølv om det ikkje er mogleg å ha eit fullskala FACT-team tilgjengeleg med så mange, ulike fagkompetansar.

Sjølv om tavla fungerer godt for FACT-teamet slik ho er i dag, har det enkle Excel-arket eit klart forbetringspotensial.

Vil gjere tavla meir digital

– Vi ønskjer å gjere tavla meir digital, enklare å bruke, meir visuelt tiltalande og viktigast av alt meiner vi at ho bør få ei kopling til pasientjournalane, slik at desse samsvarer med informasjonen som blir registrert i FACT, seier Borgen.

Dette arbeider vi målretta mot, men det er ikkje gjort i ei handvending. Arbeidet vi gjer no er å få til ein norsk, standardisert versjon på ein datateknisk plattform som kan integrerast i ulike fagsystem, og så får vi håpe at vi snart får gjennomslag for å kople tavla saman med den elektroniske pasientjournalen, seier Borgen, og legg til:

For vi kan skrive under på at FACT-tavla verkeleg fungerer etter hensikta og er eit system som kan takast i bruk på mange ulike område, der ein har behov for å koordinere ressursinnsatsen.

Grafikk med teksten Innovasjon i Helse Vest.