Dei byggjer eit lag av hjelparar

Barn og unge med psykiske vanskar treng rett hjelp til rette tida og på rette staden.  Så treng dei eit lag av hjelparar rundt seg. I Helse Fonna er noko på gang som skal gjere dei unge og foreldra sin kvardag enklare og betre.

Kvinne og to andre personer i møterom. Foto.
 

Emma Sofie Lae-Pedersen står i lag med andre unge i ein høgskulefoajé i Haugesund. Ute er det full haust midt på sommaren. Inne handlar det om Barn og unge si helseteneste, om å samle og koordinere gode krefter for å sikre trygge oppvekstar.

– Mange unge synest det er vanskeleg å innrømme at noko er gale. Då må folka rundt dei vite kva hjelp som trengst og kvar hjelpa er, seier jenta frå Sveio.

To unge kvinner snakker for en forsamling. Foto.

Siv Emberland og Emma Sofie Lae-Pedersen frå Ungdomsrådet i Helse Fonna. Foto: Eirik Dankel

Ho er medlem av Ungdomsrådet i Helse Fonna og har nett høyrt helse-og omsorgsminister Bent Høie. Høyrt han strø om seg med godord då prosjektet Barn og unge si helseteneste, eit stort tenkt samarbeidsprosjekt med psykiske utfordringar i sentrum,  blei lansert. Statsråden takka.

Mange unge synest det er vanskeleg å innrømme at noko er gale. Då må folka rundt dei vite kva hjelp som trengst og kvar hjelpa er.

Emma Sofie Lae-Pedersen

– Takk for at de har bygd eit nett som tryggjer, sa Bent Høie, kikka opp mot forsamlinga, kikka ned igjen i papira, og haldt fram:

– Eit nett som sikrar at vi fangar opp dei som slit, sørgjer for at dei ikkje fell mellom stolar. Blir du alvorleg sjuk, er det ikkje nok at psykologen på BUP er flink, eller helsesystera grei å snakke med, eller at engelsklæraren kan setje seg inn i stoda di og barnevernspedagogen er proff.

Det er veldig viktig at desse samarbeider om å gi barn og unge eit heilskapleg tilbod. Det er alltid tøft å vere sjuk. Men eg trur det er aller tøffast når du er ung og skal ha så mykje på gang. Du skal fikse skolen – og håret, kropp og hovud er under full ombygging. Blir du sjuk då, treng du eit helt lag, sa statsråden.

Helseministeren, mann, snakkar til forsamling. Foto.

Helseminister Bent Høie var svært nøgd med innovasjonsprosjektet i Helse Fonna. Foto: Eirik Dankel

I salen sat utsendingar frå kommunar og sjukehus, der sat pårørande og brukarar, nær 300 i talet. Helse Fonna famnar om 18 kommunar, store som små, frå Haugalandet til Sunnhordland og Hardanger. Mange har vore med i denne samskapingsprosessen.

Sjå filmen som er laga i samband med innovasjonsprosjektet:'

Ei sterkare samhandling må til

Samhandlinga mellom kommunale tenester og spesialisthelsetenesta er ein nøkkel for å betre den psykiske helsa til barn og unge. Dei ulike tenestene har ikkje alltid eit klart nok definert ansvar. Både utgreiing og behandling kan bli for oppdelt og for lite samordna. Foreldre veit ikkje alltid kvar dei skal gå for å få hjelp. Ei sterkare samhandling må til – på tvers av kommunale instansar og sjukehus. Men ho må forankrast breitt. Og jo fleire deltakarar i eit arbeid, desto vanskelegare å få struktur og retning i starten.

– Så kva gjorde vi? Vi skrudde tida tilbake. Spurde kva vi kunne ha gjort for litle Ida då ho var 10. Korleis kan vi sikre barn og unge eit tilbod tidleg nok? Der starta vi, fortel Ester Marie Stornes Espeset. Ho er psykologspesialist ved BUP Haugesund og prosjektleiar for Barn og unge si helseteneste.

Og kva fekk de då? Eit samarbeid som har trekt til seg nasjonal merksemd som eit av få eksempel på brei involvering og utvikling av denne typen helsetenester for barn og unge.

Fem samhandlingsforløp er formulert. Fem tiltaksbilde er teikna:

  • Bekymring barn 0-3 år
  • Angstlidingar
  • Etevanskar
  • Autismespektervanskar
  • Komplekse traume

Dei er reiskapar,  oppskrifter rama inn i skrift og tale, og dekkjer store diagnosegrupper. Her er informasjon til brukarar, kommunar og spesialister, skildringar av tiltak frå første uro til gjennomført behandling. Og det er same informasjonen til alle. No er det heile klart til å takast i bruk i Helse Fonna-regionen. Derfor var Høie på besøk.

Derfor var så mange samla denne sommardagen. Det er tid for å forankre, og å leggje om. Spreie kunnskapen blant medarbeidarar. Gjere foreldre og barn kjende med kva som no finst. Og kort sagt: Skape eit felles hjelpeteam til det barnet eller den ungdommen som har utfordringar.

Helseminister, mann, helsar på psykologspesialist, kvinne. Foto.

Helseminister Bent Høie helser på psykologspesialist og prosjektleiar Ester Marie Stornes Espeset og leiinga i Helse Fonna. Foto: Eirik Dankel

Innovasjonsmidlar frå Helse Vest

Det stopper heller ikkje der. Med innovasjonspengar frå Helse Vest skal to nye samhandlingsforløp snikrast, eit for depresjon, eit for ADHD. Dei eksisterande løysingane skal utviklast. Ambisjonane deretter er å byggje ut, kanskje allereie neste år,  kanskje nå fram til endå fleire enn dei 42.000 barn og unge som i dag bur i Helse Fonna.

– Det er avgjerande med rett hjelp til rett tid og på rette staden. Koordinert og samanhengande, og med effektiv bruk av ressursane. No kjem det tydelig fram kven som gjer kva. Når me set barn og unge i sentrum og spør oss sjølve om kva som er best for dei, må me tilpassa oss, jobbe på ein annen måte, meiner Ester Marie Stornes Espeset.

Unge Emma Sofie Lae-Pedersen står framleis i vrimleområdet på høgskulen. Gode tankar, dette, synest ho.

– Unge treng hjelp der dei er,  og dei treng hjelpa raskare enn i dag. Eg trur dette kan bli veldig bra.

Vrimling i foajé, tett med folk. Foto.

Helsesyster, lærarar, barnehagetilsette, barnevern, fastlegar og andre skal enkelt få ei oversikt over kva dei kan gjere om dei mistenker at barn og unge har psykiske utfordringar. Foto: Eirik Dankel.


Lakserødt banner med teksten