Ein plan for dei viktige, neste stega

Korleis kan vi skape pasienten si helseteneste framover? Korleis skal vi få til den framtidsretta pasientbehandlinga og god bruk av ressursar? Denne hausten ferdigstiller Helse Vest den regionale utviklingsplanen som skal gi svara.

Lege sjekker baby med stetoskop. Foto.
 

– Utviklingsplanen vi no arbeider med er eit oppdrag vi har fått frå Helse - og omsorgsdepartementet. Strategien vi allereie har lagt mot 2035, der vi har peikt på utfordringar, behov og tiltak,  vil, saman med føretaka sine utviklingsplanar, liggje til grunn for arbeidet vi gjer, seier eigardirektør i Helse Vest, Ivar Eriksen.

– Strategien vår er allereie tufta på gode analysar. Utfordringsbilete og tiltak er godt forankra. Strategien er ambisiøs, og legg opp til store endringar i korleis Helse Vest skal yte helsetenester og ivareta samfunnsansvaret vårt i åra som kjem: Betre samhandling, innovasjon og bruk av ny teknologi er viktige svar. Dette skal vi ha med oss i denne planen.

Les meir om Helse2035

I løpet av året har alle helseføretaka i Helse Vest utarbeidd nye utviklingsplanar for å teikne framtida. Organisering, kompetanse, samhandling, teknologi og bygg; områda for planane er fleire. Og alle er avgjerande for utviklinga av sjukehusa.

Dei lokale planane til helseføretaka er altså eit av fleire underlag når Helse Vest skal utarbeide ein regional plan. Den regionale planen skal vidare, saman med planane til dei andre regionale helseføretaka, danne grunnlaget for revisjon av nasjonal helse- og sjukehusplan i 2019.

– Dei regionale helseføretaka har sørgje-for-ansvar for sin region. Formelt tyder det blant anna at vi skal planleggje, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemdene våre slik at omfanget og innhaldet av tenestene er i samsvar med krav fastsett i lov eller forskrift. Kort, og noko enklare sagt, handlar det om at vi skal planleggje for at pasientane får den behandlinga dei har krav på i sjukehusa. Og at dei blir møtt på den beste måten, med den beste behandlinga, seier Eriksen.

– I den samanhengen vil denne planen fortelje om viktige steg framover for verksemdene, medarbeidarar og pasientar i sjukehusa på Vestlandet.

Den regionale utviklingsplanen vil bli sendt på høyring i oktober-november 2018.