Ein samtale som kan redde liv

Sjølvmord er eit stort folkehelseproblem. I Noreg dør 550 til 600 menneske av sjølvmord kvart år. Ein har grunn til å tru at mellom 3 500 og 7 500 personer årleg prøver å ta sitt eige liv. Å snakke om sjølvmordstankar kan redde liv.

To kvinner snakker sammen, den ene ser lei seg ut. Foto.
 

I slutten av januar startar føretaka i Helse Vest opp ein kampanje  for å auke kunnskapen og openheita rundt sjølvmordsåtferd, og for å seinke terskelen for å søkje hjelp. Slik ønskjer vi å nå dei som slit med slike tankar, dei som ikkje søkjer hjelp sjølv og dei som er nære, anten det er familie, venner, kollegaer eller andre. Målet er at fleire skal oppsøkje hjelp, og at dei skal få hjelp tidleg.

Lat oss snakke om sjølvmordstankar

Mange trur at å snakke om sjølvmord utløyser det same. Slik er det ikkje. Hovudbodskapen i kampanjen er «Lat oss snakke om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.»

Ein registerstudie viser at 62 prosent av dei som tar sjølvmord ikkje har vore i kontakt med psykisk helsevern i løpet av det siste året, og at 70 prosent av dei som prøver har vore i kontakt med fastlegen vekene og dei siste månadane før, men ikkje snakka om sjølvmordstankane.

Vel å leve

Initiativet til kampanjen kjem frå Vel å leve, eit samhandlingsprosjekt mellom Helse Stavanger og Helse Fonna, for å redusere sjølvmord og sjølvmordsforsøk.

Ei arbeidsgruppe av fagfolk innanfor psykisk helsevern og kommunikasjon har utarbeidd kampanjen. Bodskapen skal presenterast på plakatar, film, sosiale medium og på nett. Det blir utarbeidd eigne nettressursar med informasjon om sjølvmord, verktøy for å samtale om sjølvmord og informasjon om kvar ein kan få hjelp.

Det er hjelp å få

Alt skal skje i ei form der vi sjølvsagt vil vere varsame i behandlinga av temaet, på same tid som vi søkjer å skape meir openheit rundt temaet og fortelje om at det er hjelp å få.

Arbeidsgruppa har og sett ned nokre råd om kva helseføretaka bør førebu før og under kampanjeperioden. Helse Vest følgjer elles råda til Nasjonalt senter for forskning og selvmordsforebygging og nelsenorge.no.

Treng du nokon å snakke med sjølv eller gi råd til nokon du kjenner?

  • Mental Helse: 116 123
  • Røde Kors: 800 33 321
  • Kirkens SOS: 22 40 00 40
  • Ved akutte situasjonar, ring legevakta 116 117
  • Ved livstruande situasjonar, ring naudnummer 113