Einingsprisar for helsepersonell med tenestleg behov

Rapporten om handtering av einingsprisar for legemiddel og vidare arbeid med prinsipp for rutine for prisinformasjon, har vore ute til høyring og er ferdig behandla av dei fire administrerande direktørane i dei regionale helseføretaka (RHF).

Sprøyte med legemiddel. Foto.
Illustrasjonsfoto: Eivind Senneset

Det er viktig at prisinformasjonen er lett tilgjengeleg for tilsette som har eit tenestleg behov. Kunnskap om pris vil bidra til ei bedte etterleving av avtalane. Samtidig må det sørgjast for at prisinformasjonen blir handtert på ein riktig måte.

Dei administrerande direktørane i dei regionale helseføretaka har gitt si tilslutnad til følgjande prinsipp for handtering av einingsprisar for legemiddel:

  • Helseføretaka pliktar å sikre at alle grupper av tilsette som har tenestleg behov har tilgang til informasjon om legemiddel. Informasjonen skal vere lett tilgjengeleg.
  • Det er ansvaret til arbeidsgivaren å avgjere kva grupper tilsette som har tenestleg behov og som dermed skal ha tilgang. Det er påkravd at dei som har tenestleg behov behandlar einingsprisane konfidensielt i høve til gjeldande lovverk.
  • Helsepersonell og anna personell med tenestleg behov kan berre gi informasjon om einingsprisar til andre tilsette med tenestleg behov.
  • Helsepersonellet kan opplyse pasientar om omtrentleg størrelse på prisforskjellar mellom ulike behandlingsmetodar, men konkrete einingsprisar eller prisforskjellar må ikkje bli angjeve. Dette er for å sikre at ein ikkje kjem i konflikt med teieplikta.

Dei administrerande direktørane i dei regionale helseføretaka meiner det er behov for å vurdere praksis knytt til konfidensielle tilhøve gjennom livssyklusen til legemiddelet.

Fagdirektørane i dei fire regionale helseføretaka er med bistand frå Sykehusinnkjøp HF bede om å gå i dialog med leverandørmarknaden for å finne gode løysingar for begge partar.