Ekspertpanelet er etablert

Ekspertpanelet for spesialisthelsetenesta skal gi alvorleg sjuke pasientar med kort tid igjen å leve ein moglegheit til å få ei ny medisinsk vurdering. Ekspertpanelet er no lansert, og opner for å ta imot førespurnadar.

Viser personane som er medlemmar av Ekspertpanelet, 7 menn, 2 kvinner + Bent Høie. Foto.
Frå venstre: Jan Norum, Tone Skeie-Jensen, Daniel Heinrich, helseminister Bent Høie, koordinator Borghild Helene Sandøy Straume, Bjørn Henning Grønberg, leiar av panelet Halfdan Sørbye, Pål Dag Line, Olav Engebråten og Tormod Guren.

– Eg er glad for at vi no har ei ordning som vil få stor betydning for pasientar og pårørande i ein fortvila situasjon. Pasientar med alvorleg livsforkortande sjukdom skal vere trygge på at alle moglegheiter er vurderte. Ekspertpanelet har påteke seg eit viktig oppdrag, sa helseminister Bent Høie, som deltok på Ekspertpanelets første møte i Bergen onsdag.

Ekspertpanelet for spesialisthelsetenesta skal hjelpe pasientar med alvorleg livsforkortande sjukdom med å få ei ny og grundig vurdering av behandlingsmoglegheitene sine, etter at etablert behandling er prøvd og ikkje lenger har effekt.

Skal sjekke alle moglegheiter for pasienten

– Ekspertpanelet skal på førespurnad frå pasienten og behandlande lege vurdere om det finst anna etablert eller utprøvande behandling som er aktuell for pasienten. Dette inkluderer kliniske studiar i Noreg eller i utlandet. Vi vil gå grundig gjennom all dokumentasjon i saka. Deretter er det opp til pasienten og legen om dei vil følgje anbefalingane frå panelet, seier leiaren for Ekspertpanelet, Halfdan Sørbye.

Sørbye er onkolog ved Haukeland universitetssjukehus. Dei øvrige medlemmane i ekspertpanelet er seks kreftspesialister og éin kirurg, frå hele landet. I tillegg vil 17 fagpersonar frå ulike medisinske område konsulterast ved behov.

All relevant behandling vil bli vurdert

– I nokre tilfelle kan Ekspertpanelets vurdering vere at alt er prøvd, og det ikkje er noko meir å gjere. Dette vil vere ein tung beskjed å få. Men heile formålet med panelet er at pasientar og pårørande skal føle seg sikre på at all relevant behandling er vurdert. Kanskje vil dette bidra til at nokre unngår å bruke dyrebar tid og ressursar i siste del av livet på behandling som ikkje verker, sier Høie.

Helseministeren ba helseregionane om å utgreie den nasjonale ordninga med ekspertpanel for spesialisthelsetenesta i 2017. I utgreiinga blei det sett på det danske ekspertpanelet, som blei etablert i 2003. Rapporten blei lagt fram hausten 2017, og helseregionane blei i 2018 bedne om å etablere ordningena, under leiing av Helse Vest.

Sjølv om kvar sak blir vurdert individuelt og ikkje på gruppenivå, omfattar definisjonen som regel sjukdom med forventa levetid under eitt år. Det betyr at pasientar med langvarig kronisk sjukdom ikkje er i målgruppa for Ekspertpanelet.

– Det er viktig for meg å presisere at Ekspertpanelet kjem i tillegg til ein godt etablert praksis der legar på tvers av sjukehus ber kvarandre om råd i utfordrande enkeltsaker og i nokre tilfelle tilvisar pasientar til behandling ved andre sjukehus i Noreg ved behov. Denne praksisen skal vidareførast, sjølv om vi nå får eit ekspertpanel som skal behandle saker for ei avgrensa gruppe, sier Høie.

Meir informasjon om Ekspertpanelets sammensetning og prosedyrer, se helse-bergen.no/ekspertpanelet

Mer informasjon om Ekspertpanelet og hvordan man går frem for å få saken sin vurdert, se helsenorge.no/ekspertpanelet

Medlemmane i ekspertpanelet

  • Halfdan Sørbye, Overlege og professor, GI onkolog, Kreftavdelingen, Haukeland universitetssjukehus
  • Bjørn Henning Grønberg, Overlege og professor, Lunge onkolog, Kreftklinikken, St. Olavs Hospital og Institutt for klinisk og molekylær medisin, NTNU
  • Pål Dag Line, Overlege og professor, Kirurg, Avd for Transplantasjonsmedisin, Oslo universitetssykehus, Rikshospitalet
  • Tormod Guren, Overlege, GI og Fase 1 onkolog, Utprøvningsenheten, Avd for kreftbehandling, Oslo universitetssykehus, Radiumhospitalet
  • Olav Engebråten, Overlege, Brystkreft onkolog, Avd for kreftbehandling, Oslo universitetssykehus, Ullevål
  • Daniel Heinrich, Overlege, Uro- onkolog, Kreftavdelingen, Akershus universitetssykehus
  • Tone Skeie-Jensen, Overlege, Gyn- onkolog, Oslo universitetssykehus, Radiumhospitalet
  • Jan Norum, Overlege og professor, Onkolog, UiT, Norges arktiske universitet.