Forskarar frå Haukeland universitetssjukehus og Førde sentralsjukehus har vist at ein ved å tilpasse ICD komplikasjonskodane, kan skilje mellom komplikasjonar som oppstår i og utanfor sjukehuset, og dermed få meir korrekte data.
Ved å trekkje ut komplikasjonar som ikkje oppsto på sjukehuset vil tala bli meir nøyaktige, og gi eit betre grunnlag til å drive forbetringsarbeid.
Forsking på pasienttryggleik
Arbeidet er finansiert av Program for pasienttryggleik i Helse Vest og Norsk Sykepleierforbund. Helse Vest har løyvd 3,5 millionar kroner årleg til forsking på pasienttryggleik i perioden 2015 -2018.
Forsking innanfor kvalitet og pasienttryggleik er eit relativt ungt forskingsområde og er med på å byggje kunnskapsgrunnlaget for val av nye tiltak. Hovudmålet er å fremje forsking av høg nasjonal og internasjonal kvalitet.
Les meir i Dagens Medisin
Av:
Helse Vest