Å utvikle pasienten si helseteneste er eit av dei berande prinsippa i helsetenestene. Det skal prege alle delar av aktiviteten til Helse Vest, anten det gjeld pasientbehandling, forsking, opplæring eller utdanning.
Sjukehusa står overfor store oppgåver, utfordringar og moglegheiter i perioden som kjem. Det krev at spesialisthelsetenesta på Vestlandet arbeider saman, i fellesskap med pasientane, medarbeidarane og samarbeidspartane i helsesektoren.
Den regionale utviklingsplanen som no er ferdigstilt gir eit samla framtidsbilete og konkretisere mål og kva tiltak som må gjerast for å møte framtidas behov og utfordringar. Nasjonale og regionale føringar, i tillegg til dei lokale helseføretaka sine utviklingsplanar, er lagt grunn for arbeidet. Planen har og vært på høyring i regionen.
Utviklingsplanen har eit regionperspektiv, og gi tydeleg retning for den vidare utviklinga av sjukehustenestene. Tiltaksplanen konkretiserer òg regionale tiltak på kortare og lengre sikt.
Slik skal vi vi fremje helse, meistring og livskvalitet dei neste åra:
Regional utviklingsplan Helse2035
Tiltaksplan utviklingsplan Helse 2035