No går helseføretaka saman med Helsedirektoratet, ulike fagmiljø og frivillige organisasjonar, med LHL i spissen, om å halde fram med informasjonstiltak om symptom og handling ved mistanke om hjerneslag.
I Helse Vest veit vi av erfaring at slike informasjonkampanjar har god effekt– Framleis kjem pasientar for seint til diagnostisering og behandling ved hjerneslag. Det er fleire årsaker til det, blant anna manglande eller usikker kunnskap om symptom og ikkje stor nok bevisstheit på kor viktig det er å ringje 113 umiddelbart når symptom oppstår. Derfor må opplysningsarbeidet halde fram, sier helsedirektør Bjørn Guldvog.
Flere kjenner igjen symptoma
Helsedirektøren viser til at sjølv om det framleis er ein jobb å gjere, har arbeidet – blant anna gjennom Prate, Smile, Løfte-kampanjen – gitt resultat. I forrige hovudkampanjeperiode auka delen som kjenner til symptom på slag fra 62 prosent til 72 prosent av befolkninga, viser testar utførte av Helsedirektoratet.
Hjerneslag - kvart sekund tel
Hjerneslag er ein av dei hyppigaste årsakene til død og funksjonshemming, og er ein stor ufordring både for den enkelte som blir ramma, dei pårørande, for helsetenesta og for samfunnet.
Hjerneslag kan ramme både menn og kvinner, gamle og unge. Lær deg symptoma og ikkje nøl med å ringje 113. Det kan redde liv!
Kort om symptoma
Prate – Smile – Løfte er hovudbudskapen du snart kan lese meir om under kampanjetida i tida som kjem.
Om nokon plutseleg får problem med
å prate tydeleg, smile eller løfte armane over hovudet, må du ringje 113 så fort som mogleg.
Det er viktig å komme
raskt til sjukehuset for å få stilt ein diagnose og eventuell behandling
Les meir - kvart sekund tel!
Meir informasjon på helsenorge.no/hjerneslag