Kunngjering om val

Her finn du informasjon om valprosessen, kven som har stemmerett, lenkjer til valforskriftene og informasjon om valstyrene.

Grafikk. Runde ansikt på rosa bakgrunn
     

13. februar 2019 er datoen for nytt val av styrerepresentantar, valde av og blant dei tilsette, til styrene i dei fem helseføretaka, Helse Vest IKT AS og det regionale helseføretaket. Frist for å krevje forholdstalsval er 02.01.2019.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Styremedlemmene som blir valde er likeverdige styremedlemmer på linje med dei styremedlemmene som blir oppnemnde av eigar. Dei har òg dei same rettane og ansvaret. Vervet som styrerepresentantar er ei viktig oppgåve. Valstyra oppfordrar deg derfor til å engasjere deg i valet.

Det skal veljast styremedlemmer på to nivå - både til styret i det regionale helseføretaket (Helse Vest RHF) og til styret i ditt helseføretak/Helse Vest IKT AS. Du bør derfor engasjere deg i begge desse vala, som vil skje samtidig.

​Vi ønskjer at du skal engasjere deg!​

Korleis skal valet skje?​

Valet kan gjennomførast på to måtar, enten som forholdstalsval eller som fleirtalsval. Krav om forholdstalsval må vere valstyret i hende seinast ​02.01.2019.

1. Fleirtalsval

​Fleirtalsval inneber at du stemmer på føreslåtte enkeltkandidatar som er sette opp i alfabetisk rekkjefølgje.

2. Forholdstalsval

​Forholdstalsval inneber at du stemmer på ei liste med kandidatar i staden for på enkeltkandidatar. Det må gjerast krav om forholdstalsval. Ved forholdstalsval skal det fremjast forslag til lister. Forslag til lister må vere underteikna av minst seks personar med stemmerett.

Ingen kan skrive under på meir enn eitt forslag. Lokale fagforeiningar (åleine eller saman med andre lokale fagforeiningar) kan fremje listeforslag ved forholdstalsval. Ei lokal fagforeining kan berre stå bak éi liste. Krav om forholdstalsval må vere valstyret i hende seinast 02.01.2019.

Valprosessen - viktige datoar

  1. Kunngjering om val innan 19.12.2018.
  2. Krav om forholdstalsval må fremjast innan 02.01.2019.
  3. Kunngjering om fleirtals- eller forholdstalsval innan 16.01.2019.
  4. Frist for å sende inn lister/kandidatar er innan 23.01.2019.
  5. Stemmesetlar/vallister og returkonvoluttar blir sende ut innan 06.02.2019.
  6. Valdagen er 13.02.2019.
  7. Kunngjering av valresultata vil skje så raskt som mogleg etter valet.

 
 

​Kven kan føreslå kandidatar/fremje forslag til eiga liste?

Ved fleirtalsval kan alle med stemmerett foreslå kandidatar som dei ønskjer valde. Lokale fagforeiningar har også forslagsrett.

Ved forholdstalsval skal det fremjast forslag til lister. Forslag til lister må vere underteikna av minst seks personar med stemmerett. Ingen kan skrive under på meir enn eitt forslag. Lokale fagforeiningar (åleine eller saman med andre lokale fagforeiningar) kan fremje listeforslag ved forholdstalsval. Éi lokal fagforeining kan berre stå bak éi liste.

Kva avgjer om det blir val?

Dersom det blir fleirtalsval eller det kjem inn meir enn ei liste i samband med forholdstalsval, skal det haldast val. Valet er hemmeleg og skriftleg, og vil skje ved postsending.

Valmateriell vil bli sendt til deg på den bustadsadressa du er registrert med i lønnssystemet. Svarkonvolutten din må vere poststempla seinast valdagen, som er 13. februar 2019.

Dersom det berre kjem inn éi liste i samband med forholdstalsval, blir dei kandidatane som er føreslåtte på denne eine lista valde utan at det blir gjennomført val.

Kva type val som vil bli gjeldande i ditt helseføretak/Helse Vest IKT AS vil bli kunngjort seinast 16. januar 2019. Denne informasjonen, i tillegg til meir informasjon om sjølve prosessen og reglane, vil bli lagde ut på denne nettsida og intranetta i helseføretaka.

Kven har stemmerett?

Alle som er tilsett i føretaket på valdagen har stemmerett.

Kva skjer no?

​Dette er ei kunngjering om valet.

Den neste informasjonen som vil komme er ei kunngjering som forklarer om det blir fleirtalsval eller forholdstalsval.

Valstyra og valforskrifter (Lovdata)

Det er etablert eit valstyre for Helse Vest RHF og eit valstyre for kvart av helseføretaka og Helse Vest IKT AS. Valet skal skje ifølgje gjeldande forskrifter, om dei tilsette sin rett til representasjon i styra i helseføretaka/Helse Vest IKT AS og i det regionale helseføretaket.

Valforskrift Helse Vest RHF og helseføretaka

Valforskrift Helse Vest IKT

Valstyret i Helse Førde

Inger Johanne Sætenes
Wenche Røkenes
Hildegunn Borkamo

Valstyret i Helse Bergen

Bjørn Magne Grindheim
Anne Randi Skirbekk
Vigdis Fjeld

Valstyret i Helse Fonna

Ole Petter Espeland
Anne Sandvik
Linda Gjelsten

Valstyret i Helse Stavanger

Sigve Romslo
Jone Thu
Gunn Hilde Naaden Hirsch

Valstyret i Sjukehusapoteka Vest

Linda Baug Tjore
Marit Ceselie Svendsen
Berit Berntsen

Valstyret i Helse Vest IKT AS

Leif Nordland
Anne Bjørlykke
Rolf Ruland

Valstyret i Helse Vest RHF

Toril Østvold
Oddvin Næsse
Hilde Christiansen

Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.