Sepsis (blodforgifting) er ein av dei mest vanlege dødsårsakene på norske sjukehus, og ein av dei vanligaste årsakene til innlegging på intensiveiningar. Eit landsomfattande tilsyn i norske sjukehus i 2016-2017 viste at blodforgifting for sjeldan blir oppdaga i ein tidlig fase, og at det dermed er økt fare for at pasientar blir alvorleg sjuke. Auka merksemd på å oppdage og behandle pasientar med blodforgifting kan derfor redde liv.
- Alle typar pasientar kan utvikle sepsis, og med ein aldrande og meir multisjuk befolkning aukar førekomsten. Det er derfor eit pressande behov for å auke kunnskapen om blodforgifting slik at all helsepersonell rundt pasienten er observante på dei symptoma som sepsis viser, seier Innovatør og sjukepleiar Eva Cathrine Backer frå avdeling for innovasjon og arkitektur i Helse Vest IKT.
Spelet skal pirre nysgjerrigheita, skape rom for diskusjon og bidra til at helsepersonell er meir merksame på symptoma på sepsis.
Eva Cathrine Backer
Gamification og innovasjon i helsetenesta
E-læring har etter kvart blitt mykje brukt i norsk helsevesen, men spel for helsepersonell er det førebels få som har laga. I mobilspelet
Stopp sepsis er teikneseriedesign, humor, beløning og overraskingar nytta for auke kunnskapen om sepsis og for å gjere læringsprosessen meir engasjerande og motiverande.
- Stopp sepsis er eit læringsspel om blodforgifting for helsepersonell der spelaren må overvinne humoristiske og kjende situasjonar frå arbeidskvardagen. På pasientrommet skal spelaren identifisere kven av pasientane som skal vurderast for mogeleg sepsis. Vidare lærer spelaren typiske symptom på sepsis og infeksjon, kva målingar som bør takast og korleis ein effektivt skal varsle om forverring av tilstand, fortel Backer.
Spelet er utvikla med innovasjonsmidlar frå Helse Vest og byr på smakfullt design. Teikningane til spelet er laga av den populære bloggaren, forfattaren og teikneserieskaparen, Hanne «Tegnehanne» Sigbjørnsen, som også er utdanna sjukepleiar og har fleire års erfaring frå sjukehusa.
Målet med spelet er auke merksemda og kunnskapen om sepsis, og å ta i bruk ny teknologi for å skape meir effektive læringsprosessar. I tillegg til potensialet for læring, vil bruk av spillteknologi kunne opplevast som spennande og nyskapande for medarbeidarane i sjukehusa.
Er du ein sepsis superagent?
I spelet
Stopp sepsis får helsepersonell moglegheit til å teste sin kunnskap og sjå om dei klarer å identifisere pasienten med symptom på sepsis og redde liv.
Sepsis oppstår som følgje av at bakteriar kjem over i blodbanen som kroppen sitt infeksjonsforsvar reagerer på. Dette medfører skade på ei rekkje av kroppen sine organ, og funksjonen til desse sviktar. Sjukdommen kan ramme friske i alle aldrar, frå nyfødd til svært gamle. Pasientar som er svekka etter større operasjonar, som lir av kreft, diabetes, overvekt eller hjarte- og karsjukdommar, er særlig utsette for alvorlege infeksjonar og utvikling av sepsis.
Jo raskare pasienten får behandling, jo større er sjansen for å redde organfunksjonar og liv.
Eva Cathrine Backer
Reddar liv med mobilspel
Spelet har to nivå, med to ulike læringsmål. Det første nivået handlar om å vurdere om pasienten kan ha sepsis og varsle. Nivå to handlar om å setje opp ein behandlingsplan med dei viktigaste tiltaka, som er gyldige for alle som har sepsis. Dersom spelaren klarer å redde pasienten får dei eit diplom som dei kan skrive ut eller dele på Facebook.
- Målet med spelet er ikkje at ein skal bli ekspert på sepsis. Spelet skal pirre nysgjerrigheita, skape rom for diskusjon og bidra til at helsepersonell er meir merksame på symptoma på sepsis. Eg ville lage eit annleis og morosamt spel som var så kort, gøy og rart at sjukepleiarar og anna helsepersonell vil spele det på bussen på veg til jobb og dele det på Facebook, seier Backer.
Spelet
Stopp sepsis er tilgjengeleg på nettstaden
stoppsepsis.no og via
Læringsportalen (klikk på «Kurskatalog» og søk etter
Stopp sepsis). Lær deg å kjenne att sepsis før det er for seint.
Spel gratisspelet Stopp sepsis du òg og redd liv!