Når ekspertisen bankar på hos pasienten

Eit hand i hanske-samarbeid mellom forsking og klinisk arbeid opnar for å følgje opp  fotsår også via mobilen – heime hos pasienten.

Tre kvinner, helsepersonell. Ser på en skjerm. Foto.
Ekspertisen kjem til pasienten, ikkje pasienten til ekspertisen. Og så kan Mari Robberstad, Ellen Cathrine Pritzier og  Hanne Rusten Wærnes studere mobiltelefon-bilda i det nye senteret for telemedisin.

​På Stavanger universitetssjukehus er endå ein pasient på veg inn gjennom gangane. Ho køyrer rullestol og heiter Olea Pedersen. Snart bankar det lett på ei dør på Endokrinologisk poliklinikk, og inn kjem dama som er 87 år og har vore plaga av diabetessår på føtene i tre-fire av dei. Ho set seg i stolen, blir heist opp, strekkjer ut den høgre foten, og seier: – Her er eg konge på haugen. Så humrar ho godlynt.

Her er eg konge på haugen!

Pasient Olea Pedersen
 

Sjukepleiar ser på såret til pasient. Foto.

Det ser bra ut, tenkjer Gørild Sinnes Furenes om fotsåret til Olea Pedersen.

Fotterapeut Gørild Sinnes Furenes frå Diabetes fotteam og diabetessjukepleiar Mai-Lis Herredsvela fotograferer og målar såret. Sjekkar utviklinga. Det ser ganske bra ut, betre enn ein kunne frykta, tenkjer dei. For det var ei litt bekymra melding om at alt kanskje ikkje var heilt fint som førte Olea Pedersen til sjukehuset denne gongen.

Ho mobiliserte svigerdottera til å følgje seg og kryssa brua frå Hundvåg til Stavanger for å få sjekka stoda. Om nokre månader treng ho ikkje det lenger, og for nokre månader sidan hadde ho kanskje heller ikkje trengt det. Då var forskinga i gang som ga heimesjukepleiaren anledning til å ta bilde med smarttelefonen av sår som måtte stellast,  og sende det til spesialisthelsetenesta for nærare gransking. I løpet av hausten blir tilbodet innført.

– Det var ein god idé, det høyrdest greitt ut, seier Olea.

Gørild og Mai-Lis var med då telemedisinsk oppfølging av sår blei prøvd ut og forska på.

 – Eg synest det fungerte veldig bra og saknar det. For pasientane var det og nyttig. Me fekk stadig tilbakemelding om såra, såg på bilda og ga råd. Viss det var ei forverring, fekk pasienten ein hastetime hos oss. No må pasientane vente på ei ledig time her før me kan sjå korleis det går, seier Gørild.

– Samarbeidet med heimesjukepleia var mykje betre då vi brukte telemedisin. Det ga dei ein tryggleik. Dei hadde nokon å konferere med.

Mai-Lis Herredsvela, sjukepleiar
 

Men sånn skal det altså bli igjen. For oppe på eit loft på SUS si Hudavdeling, over vegen i Bekkefaret i Stavanger, tar eit lite senter for telemedisin form.

– Telemedisin er ei samhandlingsplattform som gir høve til å veksle mellom pasientbehandling og å vere ein forlenga arm til heimesjukepleia ved å studere og svare på meldingar som kjem inn, samtidig som vi har samarbeid med legegruppa, seier Mari Robberstad. Ho er sårsjukepleiar og prosjektleiar for den telemedisinske oppfølginga av sår ved SUS.

Tre kvinner, helsepersonell, smiler. Foto.

Klar til telemedisinsk oppfølging av fotsår: Hanne Rusten Wærnes, Mari Robberstad og Ellen Cathrine Pritzier.

Det starta med eit behov for betre kommunikasjon mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta om oppfølginga av sår. I dag er det heile tenkt sånn: Pasienten får besøk av, eller har time hos, heimesjukepleiaren. Ho eller han fotograferer såret med mobilen, legg ved ei vurdering av sårutviklinga, kanskje, skriv at det ser betre eller verre ut. Melder at her trengs råd og hjelp eller stiller eit spørsmål. Den same nettplattforma har spesialisthelsetenesta tilgjenge til. Sårsjukepleiar Hanne Rusten Wærnes og overlege Ellen Cathrine Pritzier  ved Hudavdelinga er to av dei som skal arbeide her, to av dei som skal ta imot meldingane.

– Sjukepleiarane våre sit på mykje kunnskap om behandling av sår. Er vi i tvil om pasientane kan få optimal behandling heime, hentar me dei inn på sjukehuset, og då er me budd på kva som ventar. Men er det stabilt, slepp pasienten å bli frakta hit. Slik kan me hjelpe fleire, fordi me bruker tida meir effektivt, seier Pritzier.

Eit løft for alle partar

Dette er eit løft for alle parter, seier dei tre, Robberstad, Rusten Wærnes og Pritzier. Vi kjem ikkje forbi det, seier dei også, og nemner stikkord som virtuelt sjukehus, tverrfagleg samarbeid, samhandling og kompetanseutvikling.

Men det er ein jobb å gjere først. Som å omsetje systemet, som kjem frå Danmark, til norsk, og å skreddarsy det så det fungerer her. Deretter kjem opplæring av dei som skal bruke systemet både i kommunane og på sjukehuset. Så er der utfordringar også: Å sikre, spreie og organisere kompetansen, sørgje for at teknologien fungerer på enkelt vis, argumentere for å endre ein økonomisk insitamentordning der pasientar inn døra gir pengar, men ikkje oppfølging av pasientar via telemedisin. Det økonomiske systemet hengjer etter, seier dei tre.

Uansett, før jul skal ein starte opp med telemedisinsk oppfølging i samarbeid med sjukepleieklinikken i Stavanger, som er ein del av heimesjukepleia og kor eit fleirtal av pasientane har sårplagar. Og dessutan med heimesjukepleia i Eigersund, der reisetida til Stavanger er ganske lang. Sidan er målet at også andre kommunar skal kunne samhandle om sår på liknande måte.

Ny måte å behandle fotsår på

Det har vore ein lang veg å gå allereie. Forhistoria strekkjer seg tilbake til 2012-2013. Forskingsprosjektet blei starta opp. Kunne telemedisin vere eit likeverdig alternativ til dagens organisering når det gjaldt diabetiske fotsår?

Pasientar med type 1– eller type 2-diabetes får ofte fotsår. Behandlinga er vanskeleg, for nokre gonger kan slike sår føre til amputasjon. Dei fleste amputasjonane kunne ha vore unngått med god førebyggjande fotbehandling og diabeteskontroll. Ofte er hyppige besøk på sjukehuset nødvendig. Men korleis kan ein heimesjukepleiar avgjere kven som skal reise inn til sjukehuset? Her kjem blant anna smarttelefonen inn.

Resultata frå forskinga viser ingen forskjell mellom gruppene med og utan telemedisinsk oppfølging når det kom til korleis såra grodde, talet på pasientar som døydde under behandlinga eller kor nøgde pasientane var. Talet på amputasjonar var lågare blant dei som fekk telemedisinsk oppfølging.

Forsking viktig for eit godt resultat

Marjolein M. Iversen ved Høgskulen på Vestlandet har stått i spissen for forskinga, og samarbeidd tett med tidlegare prosjektleiar og avdelingssjukepleiar Marie Hausken ved SUS. Klinikksida ser at dei ikkje hadde kome i mål utan forskinga. Og forskinga hadde ikkje makta det utan pasientane, utan samarbeidet med praksisen.

Professoren seier:

– Vi hadde eit ønske om å kunne ta imot fleire pasientar, kutte reisetid og auke kompetansen i primærhelsetenesta. Dette er eit stjerneeksempel på at forsking og det kliniske går saman.

No er Iversen opptatt av følgeforskinga.

– Det er veldig kjekt at vår forsking har vist at telemedisinsk oppfølging er like god som vanleg oppfølging, og at det er positive gevinstar å hente. No er det viktig at vi ser om ting går som vi har tenkt. At vi har sikkerhet- og risikoanalysar. Med meir mengdetrening kan vi kanskje også ta ut eit større potensial. Det må vi sjå på. Og på sikt må vi få til noko regionalt – i Helse Vest. Her ønskjer vi ein dialog.

Hvit tekst på brun bakgrunn: Innovasjon i Helse Vest. Grafikk.