Når hjernen ikkje forstår kva handa føler

Etter eit kort, men inspirerande studium ved Universitetet i Lund i Sverige i 2017, fekk ergoterapeuten Torunn Nessa ideen til ein ny og utradisjonell måte å lære personar med nerveskade i handa til å føle på ny.

Hender holder blå kopp. Foto.
Torunn Nessa håper at filmen ho lagar skal stimulere berøringsminnet hos pasientane, slik at dei skal kunne huske korleis det er å ta på ulike ting, sjølv om signala frå den skadde handa er annleis enn før.

No har ho engasjert filmfotograf, biletkunstnar og dansar for å lage film til bruk i sensibilitetstreninga. Mykje tyder på at ein slik film dekkjer eit større behov, for som ein av pasientane sa ved framsyninga av den første prøvefilmen tidlegare i år: «Eg skulle ønskje eg såg denne filmen då eg nyleg var skadd».

Ikkje alt kan reparerast. Men ein heil del kan trenast opp att.

Plastikk- og handkirurgisk poliklinikk ved Stavanger universitetssjukehus ligg litt for seg sjølv i andre etasje i Vestbygget. Atmosfæren i venterommet og resepsjonen er roleg, nærast avslappa, men dagleg får avdelinga tilvist pasientar med handskader av ulik alvorsgrad. Bakom dei mange lukka dørene i korridoren er det fortløpande diagnostikk, konsultasjonar og behandling.

Ergoterapiavdelinga ligg i enden av korridoren. Torunn Nessa og kollegaene hennar har ei nøkkelrolle når pasientane skal trenast opp att. Oftast er det tale om kuttskadar, der både nervar og sener er skadde.
Når ein nerve blir sydd, veks den normalt ut att. Men kirurgane klarer per i dag ikkje å gjere heile nerven intakt.

Dei fine nervetrådane kan ikkje syast eller lappast saman enkeltvis, så ein del av nerven vil derfor alltid vere øydelagd av slik skade. Det inneber at kroppen må ta i bruk andre hjelpemiddel for å vinne att funksjonsevna. Kort fortald må hjernen lære seg å tolke signala på ny.

Barn får ofte eit betre resultat av behandlinga enn vaksne fordi dei er meir plastiske i hjernen, og ikkje så stivna i vane og erfaring. Hos barn er det andre område i hjernen som nokså raskt etter skaden overtar dei funksjonane som er skada.

– Tidlegare tenkte ein at ein måtte vente med opptrening til nerven hadde vakse ut att, seier Torunn Nessa. – Men nå veit ein at det skjer endringar i hjernen allereie i den augneblinken skaden oppstår. Nyare kunnskap legg vekt på at det er viktig med sensibilitetstrening frå første dag etter skade.
Men slik opptrening tar tid, og mykje kjem an på pasienten sjølv.

Det er her filmen til Torunn Nessa kjem inn i biletet. Ved hjelp av filmmediet vil ho lære pasientane å bli medvitne på ulike aspekt ved sensibilitet, og til å nytte daglege aktivitetar i kjent miljø til å lære å føle på ny. På det viset kan ein stimulere til å oppretthalde dei sensoriske og motoriske områda i hjernen.

Kvinnelig ergoterapeut, smiler. Foto.

Spesialergoterapeut Torunn Nessa går nye og utradisjonelle vegar i behandlinga. Saman med ein filmfotograf, biletkunstnar og dansar lagar ho ein film til bruk i opptreninga etter handskadar. Prosjektet er tildelt innovasjonsmidlar frå Helse Vest.

Kunstnarane er engasjerte fordi ho ønskjer å ha fokus på det sanselege knytt til hender og  sensibilitet. Ikkje alt kan seiast med ord, og kunsten kan fremje dette på eit anna vis enn eit medisinsk fokus. Dessutan vil ho vise pasientane at det er nyttig å bruke hørsla i tillegg til synet, bruke begge hender, og vere medviten om temperatur, form og tekstur på ulike gjenstandar og overflater. Målet er at pasienten skal ta heile sanseapparatet i bruk.

– Som nyskadd er ein gjerne litt sett ut og treng ein liten dytt for å komme i gang med treninga, seier Torunn Nessa.

Filmen skal gi inspirasjon til god berøring, og gi pasientar og terapeutar rundt om i landet auka medvit om sensibilitetsaspektet ved grep, berøring og funksjonell bruk av handa i kjente, kvardagslege og meiningsfulle situasjonar og aktivitetar.

Å kjenne igjen. Berøringshukommelse.

Faglitteraturen samanliknar opptrening etter nerveskade med å lære eit nytt språk. Etter ein skade vil signala som hjernen får frå handa vere annleis enn før og krevje ei anna tolking enn den som tidlegare har festa seg med fast bruk og vane opp gjennom åra.

Hånd tar på bladene på en palmeplante. Foto.

– Når alt fungerer som det skal, er det eigne område i hjernebarken for kvar ein finger, forklarer ergoterapeuten. – Men med nerveskade blir alt med eitt litt meir kaotisk og uoversiktleg.

Skade betyr som oftast kaos. For pasienten kan einskilde ting, og frå den eine dagen til den neste, brått opplevast ekle og ubehagelege å ta på. Pasienten kan vere ute av stand til å kjenne kva det er han tar på, eller han kan bli overfølsam og nærtakande ved berøring.

Stundom kan det heile opplevast så framand at pasienten utviklar ein slag berøringsangst, og unngår så langt som råd å ta i bruk dei skadde delane av handa.Mange pasientar kan avgrense berøringa til dei delane av handa som ikkje er skadde, eller dei bruker konsekvent den handa som er frisk i staden.

– Det er viktig å bruke begge hender, seier Torunn Nessa, – fordi den friske handa kan korrigere det inntrykket som den skada handa gir. Kanskje kjenner ikkje den skadde handa varmen frå kaffikoppen, men den friske handa gjer det.

Torunn Nessa håper at filmen ho lagar skal stimulere berøringsminnet hos pasientane, slik at dei skal kunne huske korleis det er å ta på ulike ting, sjølv om signala frå handa er annleis enn før.

Kjente, praktiske og meiningsfulle situasjonar

Filmen og behandlinga tar utgangspunkt i kjente, praktiske og meiningsfulle situasjonar og aktivitetar, og hukommelsen eller berøringsminnet blir såleis ein viktig del av treninga. Filmen viser alle moglege slag berøringar, som ein kanskje ikkje tenkjer så mykje over i det daglege, så som å vaske hendene, ta seg i andletet, halde reiskapar, ta på kantar og overflater, kjenne på sømmene i kleda, gjere ting på kjøkenet og så bortetter.

Filmen syner ei rekkje slike kvardagslege døme, og Nessa vil at pasientane skal ta i bruk større delar av seg sjølv i tilnærminga til omgivnadene. Men å ta på figurar som ein ikkje er vant med eller kjenner til, stiller ho seg tvilande til om har noko for seg.

– Berre det å sitje her hos oss og ta på ulike objekt, blir litt kunstig, seier Torunn Nessa. – Mange av pasientane er handverkarar. Då passer det ikkje alltid å setje dei til å leggje puslespel. Eg har meir tru på å stikke til dei ein hammar eller eit skrujern.

Hånd mot boprdplate. Foto.

Ein viktig del av den heilskaplege tilnærminga er som nemnt å aktivisere heile sanseapparatet. Lyd gir til dømes mykje verdifull informasjon som ein frisk person sjeldan tenkjer over. Ofte kan ein høyre kva materiale eller overflate det er tale om. Er det ei bok eller ei avis ein person sit og blar i? Ein kan høyre og kjenne skilnaden på materiale, teksturar og overflater.

– For pasientar med nerveskade er det særleg viktig å leggje merkje til desse sidene ved sansinga, fortel Torunn Nessa. – Når det gjeld form, kan det vere vanskeleg nok for ein frisk person å finne den rette nøkkelen i lomma berre ved å kjenne etter. Du må ta i bruk auga også.

Innovasjonsmidlar og brukarmedverknad

Film- og behandlingsprosjektet til Torunn Nessa har fått innovasjonsmidlar frå Helse Vest. Etter planen skal to prøvefilmar testast på pasientar med nerveskade. Samstundes er dette, som med så mykje anna, ein kontinuerleg prosess. Sidan ein lærer mykje om konsekvensane av skade og sjukdom av pasientane sjølve, har det vore naturleg å setje brukarmedverknad som eitt av kriteria for tildeling av midlar til denne typen prosjekt.

– I starten spurte eg åtte, ti pasientar om dei ville delta, fortel Torunn Nessa. – Eg opplevde alt ved den første prøvesyninga at dei som møtte fram verkeleg var interesserte i å bidra. Tilbakemeldingane var svært gode og inspirerande.

Det har vore viktig for Torunn Nessa å få fram at det gjer godt med berøring og at det er godt å ta på.

På same måte som det finst reseptorar for smerte, finst det reseptorar for behag og velvere. Eg vil få fram dette også i filmen. Det skal sjå godt ut å ta på noko, seier ho.

Dette fekk ho stadfesta av ein av pasientane i brukarpanelet, som sa: – Filmen er instruktiv og formidlar ei slags glede ved berøring.

Kroppsmedvit og tydelege rørsler

Forutan pasientane sjølve har Torunn Nessa som nemnt fått med seg filmfotograf, biletkunstnar og dansar. Scenekunsten som dansaren representerer har vist seg særs nyttig. Dansarar er kroppsmedvitne og arbeidar mykje med å leike og utforske korleis tilhøvet er  mellom kroppen og verda.

– Slike ferdigheiter er nyttige for filmen, seier Torunn Nessa. Ho trekk parallellar til parkinsonpasientar som knapt kan røre seg, men som plutseleg blir grasiøse når profesjonelle utøvarar dansar framfor dei. – Å involvere kunstnarar i filmprosjektet, tar vare på verdigheita og det heilskaplege perspektivet på ein unik måte, meiner ho.

Dansarar er ofte flinke til å formidle inntrykk av objekt og stemningar, dei syner berøring med eit sterkt nærvere i utføringa. Det gjer at dei også betre får fram andre aspekt ved ei berøring eller ein situasjon.

Vidare har biletkunstnaren ansvaret for å designe den visuelle ramma som det heile går føre seg i, og filmfotografen skal gi det eit adekvat filmatisk uttrykk.

Ferdig til jul

Ei tid var Torunn Nessa inne på tanken om å utvikle ein app, men dette viste seg å bli for kostbart. Nå tenkjer ho at det viktigaste er å få produktet ferdig, distribuere det i fagmiljøet og teste det på pasientar over tid. Så får tida vise.

– I Noreg er det nokså få handterapeutar, seier ho. – Det er eit lite fagmiljø som det er enkelt å distribuere filmen til. I første omgang tenkjer eg ikkje på kommersialisering, men på fri deling av ny kunnskap.

Ho er glad for å ha fått innovasjonsmidlar frå Helse Vest, og for at leiinga støtter eit slikt prosjekt der ho som fagperson kan samarbeide med kunstnarar om å lage eit produkt som kan brukast i behandlinga.

– Dessutan er det inspirerande at pasientane, som filmen er laga for, gir så gode tilbakemeldingar og seier at filmen motiverer dei, seier Torunn Nessa.

– Det viktigaste er jo at pasientane sjølve synest filmen er nyttig.
Ennå står det att ein god del filming og mykje redigering før filmen er heilt ferdig. Men produktet skal etter planen vere klart i løpet av året.

Lakseød bakgrunn med hvit skrift: Innovasjon i Helse Vest. Grafikk.