Nye kirurgiavtalar frå 1. mai

Helse Vest har gjennomført ein ny konkurranse innanfor kirurgi og inngått avtalar med private sjukehus om levering av kirurgiske tenester.

På operasjonsstuen. Anonym person i grønne klær holder i apparat. Foto.
Illustrasjonsfoto: Eivind Senneset

Avtalane erstattar dagens avtalar og gjeld i to år frå 1. mai 2018 til og med 30. april 2020. Helse Vest har i avtalen ein opsjon på to nye år.

Følgjande private tilbydarar har frå 1. mai 2018 avtale med Helse Vest, innanfor desse områda:

Aleris Colosseum, Stavanger

Gastrokirurgi, karkirurgi, urologi og plastikkirurgi.

Aleris Hinna Park, Stavanger

Ortopedi og øyre, nase hals (ØNH).

Privatsykehuset Haugesund, Haugesund

Ortopedi og urologi.

Aleris Nesttun, Bergen

Gastrokirurgi og ortopedi.

Privathospitalet Fana Medisinske Senter, Bergen

Karkirurgi, plastikkirurgi og øyre, nase, hals (ØNH)

Les meir på oversiktssida for dei private tilbydarane innanfor kirurgi