Nye resultat om behandlingskvalitet ved norske sjukehus

Dei nasjonale medisinske kvalitetsregistera samlar informasjon om utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar innanfor ulike sjukdomsgrupper. Resultata frå dei medisinske registera gir informasjon om behandlingskvalitet og forskjellar i behandlingstilbod ved norske sjukehus.

Bent Høie. Foto.
 

​Helseminister Bent Høie opnar presentasjonen av nye resultat frå nasjonale medisinske kvalitetsregister tysdag 13. november. Presentasjonen blir halde på Kreftforeningens vitensenter i Kongens gate 6 i Oslo.

Spennande program

Under arrangementet vil fire kvalitetsregister presentere sine resultat, med påfølgende kommentarar frå pasient- og brukarforeningar.

  1. Nasjonalt kvalitetsregister for prostatakreft presenterer årets resultat, og viser for første gang resultat basert på pasientrapporterte data.
  2. Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi presenterer årets resultat og fokuserer på oppfølging av pasientar som har fått utført fedmeoperasjon.
  3. Voksendiabetes har gjennomført eit kvalitetsforbedringsprosjekt som ga svært gode resultat, og deler sine erfaringar.
  4. NorKog (demensregisteret) presenterer årets resultat, i tillegg til ei undersøking som viser hvordan lokale enheters deltakelse i registeret har ført til et mer likeverdig tilbud for pasientene.

Resultater frå alle dei 53 nasjonale medisinske kvalitetsregistera vil same dag bli publisert på www.kvalitetsregistre.no/resultater.

Sjå fullt program

Følg arrangementet på nett-tv

Les meir på helse-nord.no

Kontaktperson