Nypløgd mark

Når prosjektkoordinator Kenneth Austrått og kollegaene hans ved Stavanger universitetssjukehus (SUS) i desse dagar gjer opp status for næringsutviklingsprogrammet Plogen, kan det vanskeleg konkluderast annleis enn at programmet har vore særs vellukka.

To mannspersonar står foran helikopter. Foto.
Overlege, oppfinnar og innovasjonsmedarbeidar Nils Petter Oveland saman med prosjektkoordinator Kenneth Austrått foran luftambulansehelikopteret, som venteleg blir blant dei som i framtida vil kunne ha stor nytte av oppfinninga til Oveland.

Mange av dei tilsette ved SUS har gode idear. Plogen har vore ein reiskap for innovasjon og kommersialisering, og ein aktiv partnar for dei mange Petter Smart-ane som har ønskt å komme seg eit steg vidare.

Sidan 2015 har 20 prosjekt fått 22 tildelingar. Ein del av pengane kjem frå innovasjonsmidlane til Helse Vest og er tenkt som ein kick-start på prosjektet, mens andre tildelingar er næringslivsfinansierte. SR-Bank ønskjer for eksempel å bidra til næringsutvikling i regionen og er inne som programsponsor.

– Tanken bak Plogen er at ein skal pløye før ein sår og haustar, fortel Kenneth Austrått. – Utfordringa til oppfinnarane er oftast å konkretisere ideane dei har. Med Plogen-programmet er det mogleg å få inntil femti tusen kroner til vidareutvikling av ideen.

Mann, Kenth Austrått. Foto.

Prosjektkoordinator Kenneth Austrått meiner Plogen har vore ein viktig reiskap når det gjeld å ta dei gode ideane til dei tilsette ved sjukehuset eit steg vidare. På fleire prosjekt er ein i forhandlingar med potensielle investorar og industripartnarar.

Det kan variere litt kven det er som får den gode ideen. Det er ei nokså brei spreiing i både typen idear og bakgrunnen til dei som har ideane. Men Plogen er i hovudsak til for dette tidlege stadiet i idéutviklinga.

Det første ein ser på i vurderinga av søknaden, er næringspotensialet. Er ideen eigna til å skape arbeidsplassar? Det neste ein vurderer, er om det allereie finst tilsvarande produkt eller tenester. Plogen hjelper til med både patentsøk og patentsøknad. Der mange større selskap krev eigarskap til oppfinningane som dei tilsette gjer, har SUS gått for ein delingsmodell der medarbeidaren får ein tredel av eigarskapet. Kenneth Austrått trur at dette også er med på å stimulere til nyskaping.

– Me er opptekne av å sikre opphavsrettane i prosjekt der dette er avgjerande for vidare utvikling, seier han. – Det er viktig for oss at nyskapinga kjem opphavsmannen eller -kvinna, sjukehuset og lokale tilhøve til gode.

Plogen er eit breitt samarbeidsprosjekt mellom ei rekkje offentlege organ og institusjonar, og private aktørar. Det overordna ansvaret for koordinering og kommersialisering ligg hos Validé, som er eit felles næringsutviklingsselskap for forskingsmiljøa ved SUS, UiS, IRIS og liknande institusjonar i Rogaland.  

Validé bygg bru mellom forsking og industri, og har ansvaret for forretningsutviklinga. Sjukehusets tilsette bidrar med idear og kompetanse, mens Validé skal gjere butikk av det.     

Konkret problemløysing og stadige forbetringar

Blant dei som har fått tildelingar frå Plogen, er overlege Nils Petter Oveland, som er ein idérik og engasjert mann med smittande entusiasme, mange jern i elden og ein etter alt å dømme over gjennomsnittet høg kapasitet.

Oveland har doktorgrad, han er overlege ved anestesiavdelinga, eig og driv eit medtech-firma, er innovasjonsmedarbeidar ved SUS og har vore med på å få i gang Sandnes Education And Research Center Høyland (SEARCH), eit nytt «state of the art» biomedisinsk forskingssenter, for å nemne litt av det han held på med.

Eit av prosjekta Oveland har fått Plogen-støtte til, er ei festeanordning for luftvegstubar til bruk under anestesi. Produktet er per dato under testing og utvikling. Patent i den svenske marknaden er alt søkt om, og det blir arbeidd med å lisensiere produktet og setje det i produksjon.

Øvingsdukke med T2Wrap. Foto.

I akuttsituasjonar opplevde Oveland at luftvegstuben stadig sklei ut av posisjon. T2 Wrap (TM) freistar å løyse problemet. Problemstillinga er her demonstrert på ei av øvingsdokkene til Norsk Folkehjelp. Alle rettar er forbeholdt Stavanger universitetssjukehus – Patent pending.

– Alt dreier seg om problemløysing, seier Oveland. – Når vi legg folk i narkose, fører vi eit plastrøyr ned i luftvegane, slik at pustemaskinen skal kunne puste for deg mens du søv. Men når eg som anestesilege i akuttsituasjonar opplever at desse plastrøyra stadig sklir ut av posisjon, så leitar eg jo etter ei brukbar løysing på problemet. La meg vise deg! 

Dokteren roter litt i veska, og legg saks, teip, sin nyutvikla «quick fix» strips og eit plastrøyr på bordet. Det er Kenneth Austrått som får vere forsøkskaninen, men han ser ut til å ta det med stoisk ro. Oveland plasserer plastrøyret i munnen hans og fester det med stripsen. Etter ein kjapp praktisk demonstrasjon blir det klart nok også for ein lekmann at det i ulike situasjonar kan vere fatalt dersom røyret ikkje er godt nok festa.

I dag er det fleire måtar å gjere dette på, til dømes med teip, tau og bandasje, men desse kan vere utilstrekkelege i akutte situasjonar. Lærdal Medical i Stavanger har også utvikla eit produkt, Thomas Tube Holder, som ein legg rundt plastrøyret og skrur fast, men dette blokkerer til ein viss grad munnen og kan gjere det vanskelegare å komme til.    

For å få bukt med slike utfordringar har derfor Oveland komme opp med ei løysing som er enklare, sikrare og rimelegare. Tanken har vore å lage ei strips-anordning som folk er vant med, som det går raskt og greitt å feste, og som også er reversibel.

Mann, Oveland, Foto.

Med støtte frå næringsutviklingsprogrammet Plogen driv overlege Nils Petter Oveland i desse dagar testing og utvikling av si eiga oppfinning, T2 Wrap (TM), ei ny festeanordning for luftvegstubar til bruk under anestesi.

– Vi har jobba mykje med storleik, funksjonalitet og hurtigkoplingar. I ein akuttsituasjon tel kvart sekund, og då kan ein ikkje drive og klatte med desse elementære tinga. Ein må kjenne seg trygg på at utstyret held mål, og at pasienten er forsvarleg tatt hand om, seier han.

Produktet til Oveland har fått namnet Tube Tie Wrap (T2 Wrap). Det er altså forma som ein strips, med lukkemekanisme i eine enden og ein ispinneliknande struktur i den andre. Stripsen legg ein så rundt plastrøyret, smyg ispinnen om halsen på pasienten, og klikkar dinest dei to endane på plass. Oveland håper at dette raskare og tryggare produktet med tida vil erstatte dei eksisterande løysingane.

Frå idé til konkretisering og finansiering, realisering og kommersialisering

Det var i 2015 Oveland fekk høyre om Plogen-programmet. På det tidspunktet hadde han allereie arbeidd med nokre prosjekt, og han opplevde med søknaden til Plogen at terskelen var lågare og prosessen mindre byråkratisk enn han før hadde vore ute for. Dei likte det han presenterte, og ga han midlar til å vidareutvikle ideen.

– Eg brukte pengane på design, fortel Oveland, som før tildelinga berre hadde laga ei enkel amatørskisse. – Eg tok kontakt med Lars Tornøe som driv eige designbyrå, og fekk hjelp av han til å lage profesjonelle teikningar og ein 3D-printa prototype. Det har vore godt å ha, særskilt når det gjeld patentsøknadar og finansiering.

3D-printa var av ein slik kvalitet at dei kunne testas mot dei eksisterande festeløysingane. Masterstudenten Karin Haaland ved UiS leia eit prosjekt der fire festeløysingar blei testa på ei dukke i ein trekktest, som blei gjennomført i treningssenteret til ambulansestasjonen i Stavanger. Resultatet var oppløftande. Dei konkurrerande festeløysingane ga etter ved relativt svak belastning. T2 Wrap tålte mest vekt i draget og heldt seg best på plass i testen.  

Sjølv om det i dagleg akuttmedisinsk praksis kan vere mange faktorar som speler inn, til dømes mørke, regn, kulde, vind, dårleg tid og så bortetter, meiner Oveland at han nå har komme så langt at testresultata kan publiserast i eit medisinsk tidsskrift.   

– Vi testa produktet mot teip, bendelband og Thomas Tube Holder, og T2 Wrap fungerte klart betre enn desse. Eg meiner testen fortel ein heil del om kor godt stripsen fungerer, seier han.

Både Oveland og Austrått meiner det er viktig at sjukehuset har ei ordning som Plogen, der folk med gode idear kan søkje hjelp og råd. Dei trur mange gode idear kan gå tapt dersom sjukehuset ikkje held seg med ordningar som oppmuntrar til og støtter nyskaping.

– Eg liker jo desse låg-terskel-greiene, seier Oveland, og utdjupar: – Nokon som har tid til å høyre på deg og bakkar deg opp, set deg i kontakt med samarbeidspartnarar og gir deg hjelp til å vidareutvikle ideen. Det er Plogen som har gjort at eg har komme dit eg er i dag. 

Plogen som innfallsport til noko større

Helsetenester, farmasi og medisinsk utstyr er del av ein global marknad der omsetninga er høg og etterspurnaden stor. I Noreg var omsetninga i 2016 på nær 60 milliardar kroner. Når ein samstundes veit at det som duger for eit menneskje i Noreg mest sannsynleg er gagnleg for alle andre menneskje også, er det klart det er eit betydeleg potensial for produkt- og næringsutvikling.

Også i ein slik større samanheng er Plogen eit viktig virkemiddel. Det kan til dømes fort bli ein kostbar affære å sikre kommersiell einerett for eit produkt. Derfor er det viktig å samarbeide med investorar og næringslivsaktørar som ser industrielle og kommersielle moglegheiter i produktet.

– Investorane føreset ofte at det er gjort eit stykke arbeid, seier Kenneth Austrått. – Det gjeld derfor om å gjere eit grundig forarbeid med å visualisere og beskrive ideen. Det har vist seg at Plogen-midlar kan gjere vegen kortare frå oppfinnaren til investorane og større finansiering. Oveland sin T2 Wrap er eit godt eksempel på denne dynamikken.

For Oveland har Plogen opna for meir støtte. Han brukte Plogen-midlane til å profesjonalisere dei større innovasjonssøknadene, blant anna til FORNY 2020.

Blant dei andre prosjekta som har fått tildeling og nå har komme nokså langt i utviklinga, er ein ny metode for reinsing av infeksjonar (Drinage for Abcess), spesiallås til dørene til psykiatripasientar (LockIn), ein ny bandasje for å feste plastikkdren som går inn i brysthola (Chest Tube Fix) og ei akuttmedisinsk ballongsperre ved blodtap (REBOA Kit).

– Aktivitetsnivået generelt har blitt løfta av Plogen. Det har vore eit viktig program der mange har fått utvikla ideane sine, meiner Oveland.    

– Fleire av prosjekta er framleis i eit utviklingsløp,» seier Austrått. – I den forstand at dei ennå ikkje er førte fram til eit sluttprodukt. Men på somme prosjekt er vi i forhandlingar med potensielle og konkrete industripartnarar. 

Det nemnde REBOA Kit, som Oveland også er med på, er ei oppfinning som i skrivande stund søkjer samarbeidspartnar og finansiering. 

Vegen vidare

Plogen-programmet, eller rettare sagt utprøvinga av det, er ved vegs ende i 2018. Nå ventar ein ny prosess, der ein også i framtida på eit eller anna vis skal vidareføre dei positive erfaringane med denne måten å jobbe med innovasjon og næringsutvikling på.

– Vi arbeidar for å få nye midlar til innovasjonsidear i ein tidleg fase, både for produkt og tenester. Det er vi avhengige av om vi skal kunne løfte fram dei gode ideane, seier Austrått.

– Om vi går på utsida av helsemiljøet, ser ein at det blomstrar og boblar over av kreativitet her i regionen, seier Oveland. – Vi må få til noko tilsvarande i helsesektoren. 

Oveland peikar blant anna på Norway Pumps and Pipes, der det sit petroleumsingeniørar som kan alt om flow i oljerøyr og utvekslar kunnskap med dokterar som er spesialistar på blodomløpet. 

– Til tross for mange gode søknader har oljefylket Rogaland i ei årrekkje vore neglisjert med tanke på tildelingar, meiner Oveland. – Men med Ullandhaug og alt som skjer der, det nye sjukehuset og alle institusjonane og funksjonane som til sist hamner der, blir dette området så nasjonalt viktig for forsking og nyskaping at ein ikkje lenger kan ignorere det i budsjetta.

Eit tilbakevendande tema er kva vi skal leve av etter oljå. Helseminister Bent Høie er blant dei som meiner at medtech, farma og nyskaping i helsesektoren kan bli ei viktig eksportnæring for Noreg. Då er det heilt naudsynt at me har ordningar og midlar som stimulerer til det.  

– Dei som sit på pengane sentralt må få opp auga for alt det som finst her i fylket, seier Oveland. – Vi må få dei til å forstå at vi ikkje berre lagar ting for lokal bruk, men for heile verda. Me må få dei til å skjønne at investeringar ein gjer i dag, er grunnsteinar i ny industrireising i morgon.

Kven veit kva morgondagen bringer. Kan hende blir eksport av medisinsk-teknisk utstyr eit av beina me skal stå på i framtida. Og kan hende blir Oveland sin T2 Wrap og andre slike idear som har blitt kickstarta med Plogen-midlar, ein del av det heile. 

Sikkert er det at det kvar dag går tilsette i korridorane på sjukehuset og grublar på korleis dei skal betre pasientbehandlinga. Ein dag vil dei finne løysinga, og då må vi ha eit apparat som kan ta imot dei og midlar som gjer det mogleg å realisere ideen dei har.

For til sjuande og sist dreier dette seg potensielt om mykje meir enn praktisk problemløysing og raskare, betre og rimelegare pasientbehandling.

Grafikk med teksten Innovasjon i Helse Vest.