Nytt styre i Helse Vest

Helse- og omsorgsministeren har i dag oppnemnt styremedlemmar og styreleiarar for dei regionale helseføretaka. Det blir mellom anna ny styreleiar i Helse Vest og to nye styremedlemmer.

Helse Vest sine lokaler i Stavanger
 

– Eg vil takke styreleiarane og styremedlemmane som no går av for jobben dei har gjort. Dei har lagt ned ein stor og viktig arbeidsinnsats over fleire år til det beste for sjukehusa og pasientane. Samstundes er eg godt fornøgd med dei nye medlemmane. Med deira kompetanse og kvalifikasjonar er eg trygg på at dei vil vidareføre det viktige arbeidet på ein god måte, seier helse- og omsorgsministeren.

Styret for Helse Vest RHF vil bestå av følgjande styremedlemmar: 

  • Einar Strømsvåg (styreleiar) ny
  • Tone Berntsen Steinsvåg (nestleiar)
  • Gunnar Berge
  • Olin Johanne Henden
  • Sigurd Kolstrup Hille (ny)
  • Katrine Trovik (ny)
  • Lise Karin Strømme (tilsettrepresentant)
  • Bente Sissel Pilskog (tilsettrepresentant)
  • Tom Guldhav (tilsettrepresentant)

Sjå heile pressemeldinga frå Helse- og omsorgsdepartementet