Over 10 millionar kontaktar på nett

Stadig fleire pasientar nyttar seg av dei digitale løysingane for kontakt og dialog med sjukehusa på Vestlandet. Sidan dei fyste digitale løysingane blei tekne i bruk i 2014 har vi registrert over 10 millionar kontaktar på nett.

iphone internett
 

​Nye teknologiske løysingar gjere det enklare for pasientane å ha oversikt og å vere førebudde i sin kontakt med sjukehusa i Helse Vest. No kan du som pasient sjekke status på tilvisinga di, endre sjukehustimen din, gjere oppslag i den elektroniske journalen din og sende elektronisk melding til sjukehuset. Alle desse tilboda gjer det enklare for pasientane samtidig som det òg frigjer tid for medarbeidarane våre, slik at dei kan drive pasientbehandling på den beste måten og ivareta dei som ikkje beherskar teknologien på ein god måte.

- Det handlar om å møte pasientane og dei behova dei har på ein god måte. Mykje av kvardagen vår er elektronisk og då er det naturleg at òg sjukehusa har det same tilbodet til innbyggjarane. Dette er sjølvsagt berre eit tilbod og dei som ønskjer personleg kontakt har framleis muligheit til det. Men vi ser at fleire og fleire nyttar seg av dei digitale løysingane og er godt nøgde med dei, seier Hilde Christiansen, direktør medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest.

Mitt timeval og pasientjournal på nett

Tenestene som er mest nytta er mitt timeval der pasientane sjølve kan gå inn på nett og endre eller bestille timane sine på sjukehuset. Målet er at pasientane skal oppleve at dei er meir delaktige i si eiga behandling og at fleire skal møte til timen sin. Nær 3 millionar kontaktar er registrerte her.

Andre tenester mange pasientar nyttar seg av er Pasientjournal på helsenorge.no. Her får pasientar i Helse Vest elektronisk tilgang til journaldokument i sjukehusjournalen sin, slik at det blir enklare for dei å vere delaktige i eiga helse og eiga behandling. Innlogging skjer via helsenorge.no med bank-ID eller anna godkjent innloggings-ID. Sidan elektronisk pasientjournal på nett blei innført i mai 2017 er det registrert over 2 millionar opna journaldokument.

Teknologi ein føresetnad for god pasientbehandling

- Vi er svært nøgde med denne utviklinga og mangfaldet av digitale løysingar som no er tilgjengelege for innbyggjarane på vestlandet. Som helse- og omsorgsminister Bent Høie sa i sjukehustalen sin; teknologi er ikkje lenger berre eit verktøy som støttar god pasientbehandling. Teknologi er ein føresetnad for god pasientbehandling og ei bærekraftig helseteneste. Dei nye digitale løysingane gir oss, og pasientane, mykje betre oversikt, reduserer dobbeltarbeid og betrar kommunikasjonen mellom pasientane og sjukehuset, seier Christiansen.

I tillegg blir det kvar månad sendt ut svært mange påminningar om sjukehustimen på sms, det er ikkje med i desse tala. På Vestlandspasienten.no vil du finne meir informasjon om dei tenestene som er tilgjengelege for pasientane på Vestlandet.